Du er her: Student.no > Dokumenter > Mangfalds- inkluderings- og likestillingspolitisk plattform

Mangfalds- inkluderings- og likestillingspolitisk plattform

Vedteke på landsstyremøte 2, 2014/2015, 30.11.2014.

Innleiing

Denne plattforma er Norsk studentorganisasjon (NSO) sin politikk om likestilling, inkludering og mangfald før, under og etter ein tar høgare utdanning. Føremålet er å sikre inkluderande rekruttering til høgare utdanning, eit breitt mangfald av studentar og definere korleis ein skal handsama utfordringar tilknytt mangfald i akademia. NSO meiner at for å sikre dette må ein i nokre tilfelle prioritere nokre grupper framføre andre. Dette skal gjerast for å dekkja samfunnets behov, auke læringsutbyttet og sikre brei rekruttering og inkludering av alle grupper i samfunnet i høgare utdanning.

NSO krev at alle skal ha lik tilgang til høgare utdanning. Staten har det overordna ansvaret for å sikre dette.

NSO definerer lik tilgang til høgare utdanning som at alle som er fagleg kvalifisert til det skal ha tilgang til norsk høgare utdanning, utan omsyn til etnisitet, språk, religiøsitet, livssyn, seksuell orientering, funksjonsnivå, sosial bakgrunn, kjønnidentitet og kjønnsuttrykk. For å oppnå dette meiner NSO ei rekke tiltak er naudsynt.

Høgare utdanning er eit middel for aktiv demokratisk deltaking, og befolkninga med høgare utdanning burde difor spegle befolkninga som heilskap. NSO meiner ein at evner og eigenskaper er spreidd jamt utover befolkninga, og at både studiemiljø og arbeidsmiljø vert betre av at heile mangfaldet i samfunnet er tilsvarande representert ved utdanningsinstitusjonane.

NSO meiner at Noreg skal liggja i verdstoppen på mangfald, inkludering og likestilling i akademia.

REKRUTTERING TIL HØGARE UTDANNING

Ein legg grunnlaget for mangfald i høgare utdanning gjennom rekruttering. NSO meiner eit viktig grep for eit likestilt ak­ademia er god og korrekt informasjon til potensielle studentar. Rekruttering til høgare utdanning startar allereie frå barnehage og grunnskule, og fortset opp til vidaregåande skule, og etter avslutta skulegang. Unge og elevar skal tidleg få erfaring med ulike typar aktivitetar og informasjon om framtidige utdannings- og karriereretningar for å kunne gjere eit opplyst val gjennom heile utdanningsløpet.

Rådgjeving

NSO meiner at god rådgjeving før studiane er ein av nøklane til å motarbeide sosioøkonomiske og kulturelle forskjellar i tilgangen til høgare utdanning. Det skal satsast på rådgjeving gjennom større løyvingar og kompetanseauke. Rådgjevarar både i grunnskulen, vidaregåande skule og i NAV-systemet har ei viktig rolle i å informere potensielle studentar om moglegheitene deira. Rådgjevarane må ha god kompetanse på ulike studium, kva som er opptakskrava, kva krav som stillast til studenten, samt tilretteleggings- og karrieremulegheiter. Rådgjevarane skal ha kompetanse på rådgjevingsmetodar, slik at dei kan hjelpe elevane til ei avgjerd om vidare utdanning og karriere. Både rådgjevarane og lærarar i grunn- og vidaregåande skule skal ha kompetanse om korleis utdanningssystemet fungerer, og kva vegar studentane kan velje.

Det skal bli gitt informasjon om høgare utdanning som ein del av vaksenopplæringa.

Forventningsavklaring

Det er studiestadane sitt ansvar å formidle kva som krevjast i studiet, og kva kompetanse studentane får etter avslutta studium. Det må stillast krav til at marknadsføringa er tydeleg og gir eit realistisk bilete av innhald og dei forventningane som stillast. Utdanningsinstitusjonane må sikra at studentane har kjennskap til studie- og fagmiljø gjennom gode og universelt utforma nettstader, moglegheit for samtale med rådgjevar ved institusjonen og tilrettelagt studiekvardag, og gjennom å tilby institusjonsvitjingar.

Etnisitet

Det må arbeidast målretta for å sikre brei rekruttering frå studentar med etnisk minoritetsbakgrunn. Målretta informasjonsarbeid og rettleiing som rettast spesifikt mot etniske minoritetar trengs for å synleggjere tilbod og moglegheiter, og for å motivere til å søkje utdanning ved høgskular og universitet. Informasjon skal gjerast tilgjengeleg på̊ de største minoritetsspråka, slik at det blir enklare å nytte for foreldre, elever og skule. Utvekslings- og kurssamarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar og skular med etnisk mangfald må oppretthaldast og utvidast. Mentorordningar og faglege førebilete er viktige for å bryte ned førestillingar om utdanning som et gode øyremerkt majoritetsbefolkninga.

Utveksling- og kurssamarbeidet bør ha eit særleg fokus på å auke rekrutteringa til humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, i tillegg til kortare profesjonsutdanningar som lærarutdanningane og helse- og omsorgsprofesjonane. I dag er det ein større del minoritetsungdom som søkjer seg til profesjonsutdanningar med høg prestisje og lønn. Kandidatar med bakgrunn frå samfunnsvitskapelege og humanistiske fag er i større grad med på å sette dagsorden i det offentlege ordskiftet og utforminga av velferdstenester og andre offentlege tenester. I lærarutdanningane og i helse- og omsorgsprofesjonane er det viktig med mangfald for at ein skal ha gode rollemodellar som speglar befolkninga i samfunnet. I eit etnisk samansett Noreg skal eit mangfald av perspektiv vere representert for å spegle røynda i Noreg og demokratisere offentligheita.

Mangel på nettverk og norskkunnskapar er til hinder for sosial kontakt og arbeid knytt til studiane. Institusjonane må legge til rette gjennom norskkurs og sosiale tiltak som språk- og kulturtandem, og tilpassa faderveker.

Mange innvandrarar med utdanning tatt utanfor Noreg slit med å skaffe seg relevant arbeid. NSO meiner Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) skal ha enkle prosesser for å sende ut ettergodkjenning av kompetansen deira. Heile grader tatt i utlandet skal som hovudregel godkjennast, med mindre NOKUT eller institusjonane har tunge faglege innvendingar.

Det må arbeidas for at etniske minoriteter frå Noreg kan få dei tilbod og moglegheiter, så godt det let seg gjere, slik at likskapsprinsippet i høgare utdanning ivaretakast.

Verktøy for mangfald

NSO meiner at ein kan nytta kvoteordningar og tilleggspoeng for å sikra breitt mangfald i høgare utdanning. Kvart tilfelle skal utgreiast særskild og ein skal hyppig evaluere kvar einskild ordning. Dette arbeidet skal vere ein del av tilsynsordninga til NOKUT.

Kjønnsbalanse

NSO meiner det er eit mål at alle studium har tilnærma kjønnsbalanse i studentmassen.

Årsakene til at det på enkelte studium ikkje er balanse mellom kjønna er komplekse, og kan variere over tid og mellom ulike institusjonar, så vel som internt mellom ulike miljø på éin institusjon. NSO meiner at desse ulike føresetnadane krev ulike tiltak, og institusjonane skal nytte tiltak tilpassa problemstillinga. Alle tiltak for å betra kjønnsbalansen skal gjerast i organ der studentar er medverkande.

Institusjonar som heilt eller delvis finansierast av staten skal rapportere om sitt arbeid med kjønnsbalanse, kva utgreiingar som er gjort og kva tiltak som nyttast i den årlege rapporteringa til Kunnskapsdepartementet. Der utgreiingane viser årsaker til kjønnsubalanse som ligg utanfor institusjonane, har departementet ansvar for utarbeide tiltak og følgje dei opp.

For å oppnå målet om tilnærma kjønnsbalanse meiner NSO alle studium skal vere gjenstand for årleg evaluering av kjønnsbalansen. Kvart studium skal etter ei slik evaluering sortere inn under éin av tre kategoriar:

  1. Balanse: Begge kjønn er representert med minimum 40 % av den opptatte studentmassen på studiet.
  2. Moderat ubalanse: Eit kjønn er representert med under 40 %, men over 25 % av den opptatte studentmassen på studiet.
  3. Kritisk ubalanse: Eit kjønn er representert med under 25 % av den opptatte studentmassen på studiet.

Dersom eit studie er innanfor kategorien «balanse» er ikkje institusjonen pålagt å gjennomføre tiltak med omsyn til kjønn på det aktuelle studiet.

Sorterer eit studium under kategorien «moderat ubalanse» eller lågare, skal moglege årsakar til ubalansen utgreiast i samarbeid med studentane, og institusjonen skal følgje opp med tiltak for å rette opp i kjønnsskeivskapen, basert på disse utgreiingane. Ligg eit studium på «moderat ubalanse» eller lågare i tre år, og havnar minst eitt år under «kritisk ubalanse», skal institusjonen lage ein tiltaksplan for å rekruttere breiare. Tiltaksplanen kan inkludere målretta rekrutteringskampanjar, kjønnspoeng og andre kvoteringstiltak, samt moglegheit for tilpassa studieløp og andre liknande tiltak. Dersom programmet kjem over kritisk ubalanse, og dette varer i over tre år, skal avvikling av tiltaka opp til vurdering.

Kjønnsbalanse skal vere tema på etatstyringsmøta Kunnskapsdepartementet har med institusjonane. Dersom institusjonar over tre år ikkje oppfyller kravet om arbeid med kjønnsbalanse, skal departementet ha høve til å ikkje tildele nye studieplassar innanfor studieprogrammet med kritisk ubalanse, inntil institusjonen viser at dei oppfyller dei krava som er gitt.

Studium i høgare utdanning

For å sikra at studentar trivst og får fullt utbytte av høgare utdanning, og for å hindra fråfall, er det viktig at det blir arbeid systematisk med likestillingstiltak knytt opp mot høgare utdanning.

Universell utforming

Prinsippet om universell utforming skal alltid ligge til grunn i alle tenester og infrastruktur i høgare utdanning. I institusjonane sine planleggings- og anbodsprosessar skal universell utforming vere eit tungtvegande kriterium. Universitets- og høgskulesektoren skal ligga i forkant og vera ein aktiv pådrivar i arbeidet med å gjera Noreg universelt utforma innan 2025.

Inkluderande læringsmiljø

Det er institusjonane sitt ansvar å sikra eit godt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø. Dette oppnår ein gjennom gode fysiske fasilitetar, tilrettelagt informasjon, inkluderande mottaks- og mentorordningar, og gjennom tilskot til studiemiljø og studentkultur. Blant gode fysiske fasilitetar bør reknast tilgang på kjønnsnøytrale toalett. For å ivareta et inkluderande lærings- og arbeidsmiljø er det essensielt at informasjon også er tilgjengelig på engelsk.

Alle institusjonar skal ha eit avvikssystem for trakassering, diskriminering, mobbing og uønskt seksuell merksemd som alle studentar og tilsette kan nytte seg av for å varsle om kritikkverdige sakar. Oppfølging av innrapporterte avvik skal behandlas av ein nøytral tredjepart (ombodsperson), og avviksmeldingane skal vere unnateke offentlegheita. Institusjonane må leggja til rette for at lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT-personar) ikkje opplever deira legning eller identitet som ei utfordring under studia.

Alle institusjonar skal ha ein handlingsplan med tiltak for å forebygge trakassering, diskriminering, mobbing eller uønskt seksuell merksemd. Vidare skal dei fordele oppgåver og ansvar i ivaretakinga av personer utsette for dette, og i oppfølginga av desse sakane.

Alle tilsette skal ha god kjennskap til ulike inkluderings- og tilretteleggingsverktøy på institusjonen.

Rettleiing og tilrettelegging

Det er institusjonen sitt ansvar å sikre tilgjenge og god tilrettelegging for studentane. Institusjonane skal gjera dette i samarbeid med studentsamskipnadane, kommunane og NAV. Studentar som ynskjer rettleiing må raskt få dette. Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT) skal registrere dei behov studentar som treng tilrettelegging på studiestaden har, og gjere denne informasjonen tilgjengeleg for institusjonane. For studentar med varig nedsett funksjonsevne (til dømes kronisk sjukdom) skal det ikkje vere naudsynt å dokumentere dette meir enn éin gong med legeattest eller tilsvarande.

Dei som jobbar med rettleiing og tilrettelegging på institusjonane, skal ha eit tett samarbeid og sikra at studentar med behov for rettleiing eller tilrettelegging får dette. Desse tilsette må ha høg kompetanse for å sikra at studentar får den hjelpa dei har krav på.

Tilrettelagt undervisning og materiale nytta i undervisning må bli tilbudd gjennom Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek (NLB) og på institusjonane. NLB må tilby tilrettelagt pensum til alle som treng dette.

NSO meiner at institusjonane har eit særskilt ansvar for å identifisere og støtte studentar som har samansette behov for tilrettelegging eller oppfølging.

Religion og kultur

NSO meiner det må leggjast til rette for eit religiøst og kulturelt mangfald ved norske høgare utdanningsinstitusjonar. Studentar må føle seg trygge på at deira kulturelle identitet vert respektert og har ein naturleg plass i studiemiljøet.

Arrangement i fadderveker og studentforeiningar skal legge til rette for at både studentar som drikk og ikkje drikk alkohol skal kunne delta, og unngå at religion eller kultur blir ei hindring for sosial deltaking i studiemiljøet. Press frå studentar eller tilsette om å drikke alkohol eller nytte andre rusmiddel skal handsamast som trakassering.

Alle studentkafear skal ha tilbod om diettar tilpassa religiøse og medisinske behov.

Det skal vere rom for utøving av religion og tru ved alle høgare utdanningsinstitusjonar. Desse skal vere opent utforma og opne for alle, uavhengig av religions- eller livssynsretning. Alle skal fritt kunne bære religiøse klesplagg og symbol, så lenge dei ikkje er til hinder for gjennomføring av undervisning og praksis. Dersom einskilde klesplagg eller symbol ikkje skal tillatast må det ligge ei sterk og konkret fagleg vurdering til grunn. Eit slik vedtak skal kunne verte overprøva av styret ved institusjonen. Dersom det er enkelte studieprogram der heildekkande plagg vil vere til hinder for undervisning eller praksis, skal det komme tydeleg fram i informasjon om studieprogrammet og emna.

Sosial og økonomisk bakgrunn

Sosial og økonomisk bakgrunn påverkar korleis og om studentar vel høgare utdanning, og det er eit viktig prinsipp for NSO at det jobbast for et akademia som ikkje fremmer reproduksjon og auking av sosiale skilnader. Formålet med den sosiale dimensjonen er slått fast i Lov om utdanningsstøtte. Utdanningsstøtta skal dekke studentane sine reelle utgifter for at alle skal ha eit reelt høve til å studere på heiltid.

NSO legg to prinsipp til grunn for innretninga av utdanningsstønaden.

  1. Studentar skal ikkje vere avhengige av stønad frå føresette eller andre.
  2. Utdanningsstønaden skal vere ei universell tildeling som ikkje er økonomisk behovsprøva og skjer uavhengig av sosial bakgrunn.

NSO forstår sosial bakgrunn som foreldra sin sosiale klasse eller sosiale og økonomiske stilling. I dag finst det ein klar samanheng mellom sosial bakgrunn og det å velje høgare utdanning. Samstundes har oppvekstmiljø ein effekt. NSO meiner institusjonar skal ha eit regionalt ansvar for å sørgje for brei rekruttering av alle sosiale lag i regionen.

Ivaretaking av studentane sine rettar

Studentar sine rettar må ivaretakast gjennom godt innarbeidde rutinar og kvalitetssikringsabeid. Studentane skal ha tilgang på eit uavhengig studentombod og vere omfatta av ein eigen læringsmiljølov.

Fråfall

KD skal finansiere og gjere tilgjengeleg oppdatert forsking på fråfallsårsaker i høgare utdanning. Forskinga skal danna grunnlaget for målretta tiltak mot fråfall på institusjonane.

Mobilitet

Staten og institusjonane må sikra studentar og tilsette sin moglegheit til mobilitet. Dette gjeld både i Noreg og utlandet. Alle studentar må kunna delta på studieopphald på andre institusjonar uavhengig av deira tilretteleggingsbehov.

Økonomiske føresetnader

NSO meiner at alle må ha økonomiske føresetnader til å studera på fulltid. Dette må realiserast gjennom auka studiestønad. Før fulltidsstudenten blir realisert må ein tilby tilleggsstipend til ekstra utsette grupper. Føremålet er å sikra studentar utan moglegheit til å ha ekstrajobb dei økonomisk føresetnadene som trengs for å ta høgare utdanning. Dei eksisterande ordningane som Lånekassen tilbyr må gjennomgåast med dette som eit mål.

ARBEIDSLIVET ETTER HØGARE UTDANNING

For å dekke samfunnets behov for arbeidskraft er det viktig med eit heilskapleg syn på likestilling i høgare utdanning.

Frå student til vitskapleg tilsett

Det er viktig med mangfald blant dei vitskapleg tilsette på institusjonane. NSO meiner breidde i tilsetjingar skal sikre dette. Tilsetjingsprosessar må vera opne og ryddige. NSO meiner ein skal kunne nytta moderat kvotering for å sikre det same mangfaldet blant vitskapleg tilsette som blant studentar.

Institusjonen skal nytte same system for gradering av kjønnsubalanse innanfor kvart enkelt institutt (eller avdeling, der institusjonen ikkje har institutt som eining) som blant studentmassen (skildra på side 3) for å greie ut og utføre tiltak i tilsetjingsprosessar.

Forskings- og undervisningsstillingar må leggast til rette slik at det er enkelt for kvinner og menn å kombinere arbeid og omsorg for barn.

Eit viktig tiltak som vil gjere akademia til ein tryggare og meir føreseieleg karriereveg, er å redusere mellombelse tilsetjingar og auke bruken av faste tilsetjingar.

Kva som vert lagt vekt på i tilsetjing og opprykksprosessar er ikkje likegyldig i eit likestillingsperspektiv. Det svekkjer likestillinga at publiseringspoeng er den mest avgjerande meritterande aktiviteten i akademia. NSO meiner tilsetjingar ved høgskular og universitet skal leggje mest vekt på fagleg og pedagogisk kompetanse og utviklingspotensial, og i mindre grad vektleggje publiseringspoeng.

Tilsetjingsutval skal vere representative, ha representantar frå begge kjønn og, så langt det lèt seg gjere, frå underrepresenterte grupper. Studentar skal vere representerte i tilsetjingsutvala ved institusjonane. Studentane skal også få tilbod om å vere representerte i intervjurundane, både lokalt og sentralt ved institusjonen.

Løn og status

For å sikra mangfald i samfunnet og rekruttering til yrker der det er store homogene miljø, må ein sjå på konkrete tiltak for å motverke dette.

Vi har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad kor lønnsgapet er vedvarande. Det er essensielt for likestillingsarbeidet i arbeidsmarknaden at arbeid som krev kompetanse på same nivå skal lønast likt. Staten må bruke lønnspolitikken for å heve statusen til yrke der ein får dårleg uttelling for utdanninga si.

Sjølv om norske kvinner har nesten like høg arbeidslivdeltaking som menn, jobbar kvinner i langt større grad deltid og styrast av tradisjonelle kjønnsroller i yrkesvala. NSO meiner det er eit mål å heve statusen til dei typiske kvinnedominerte yrka for å auke rekrutteringsgrunnlaget.

Verdsettingsdiskriminering er når arbeid som hovudsakleg utførast av kvinner systematisk verdsettast lågare enn arbeid som utførast av menn. Dette meiner NSO at staten og arbeidsmarknaden aktivt må motarbeide for å sikre likeverd av arbeidsoppgåver.