- Me er veldige fornøgde med at det vert teke opp fleire studentar. Me ser trongen for satsinga på fleire studieplassar som regjeringa har. Me er og glade for at ein får stadig fleire kvalifiserte søkjarar til høgre utdanning, seier Kantardjiev
Men det er ikkje berre jubel knytt til tala SO har kome med i dag:
- Med det stadige aukande talet studentar set det store krav til fokus på studiekvaliteten og infrastrukturen på institusjonane. Det må vera nok ressursar til undervisning og rettleiing, store nok auditorium og mange nok laboratorium. Aukande studenttal må ikkje gå utover studiekvaliteten, seier Kantardjiev.
I dag opna og restetorget hjå SO der dei statlege høgskulane og universiteta kan leggje ut ledige studieplassar. Det er opp til institusjonane sjølve å avgjere kva studium dei ynskjer å leggje ut her, men NSO vil oppmode om at alle ledige plassar vert lagt ut på restetorget. Slik kan dei som ikkje har fått tilbod om eit studium dei ynskjer finne eit anna dei vil søkje på.
- Det er og mange som ynskjer å ta høgre utdanning som ikkje har fått plass, og det er difor særs problematisk om ikkje alle studiestadar legg ut alle sine ledige studium på restetorget, seier Kantardjiev.
Kontakt:
Leder av Norsk studentorganisasjon (NSO), Kim O. Kantardjiev: 957 92 556
Pressebilete av Kim Kantardjiev (Foto NSO): http://student.no/wp-content/uploads/2010/12/kim-3.jpg
