article26 september, 2011Noreg har ikkje heiltidsstudentar.

David Lam Library Interior 2 (foto UBC libraty)

Studentar i fullt studie studerar i snitt 34 timar i veka, og arbeider 8 timar ved sidan av. Det syner ei undersøking gjort av SSB som ledd i den europeiske studentundersøkinga Eurostudent. Kunnskapsminister Tora Aasland meiner dette gjer dei ”godt førebudd på arbeidslivet”

Pressemelding fra NSO 26/09-11

- Dersom regjeringa har gitt opp heiltidsstudenten kan dei vera ærlege og sei det, svarar leiar i NSO Kim Kantardjiev.

Undersøkinga konkluderar og med at månadlege utgifter for studentar er på 12 540 kroner. Dagens studiestønad er på 9080 kroner i månaden. Kim Kantardjiev meiner det er problematisk å snakke om heiltidsstudentar i dagens system:

- Tala viser at vi framleis er langt unna heiltidsstudenten til tross for ordbruken i undersøkinga. Sjølv om kunnskapsministeren ser ut til meine at det er bra at studentar arbeider ved sidan av studiar, så skjuler ei slik haldning at våre ambisjonar for kvalitetsutvikling i utdanning og for studentmiljøet er heilt avhengig av at studentar har høve til meir tid til studiar. Og kanskje litt fritid viss vi er heldige, seier Kim Kantardjiev.

NSO har bede om at stipend og lån skal oppjusterast til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, dette vil tilsvare 118.000 kroner eller 11.800 kroner i månaden.

- Hadde ein fått denne endringa hadde ein nærma seg dei faktiske levekostnadane og det hadde vore mogleg å sette dei høge standardane for utdanning som vi ønskjer. Vi skal ikkje vera ”på europeisk nivå”, vi skal vera betre, seier Kim Kantardjiev.

Undersøkinga syner også at det vert gitt mindre undervisning i Noreg enn andre stader i Europa. Der studentar i Europa brukar over halve tida si på undervisning brukar norske studentar berre om lag ein tredel.

- Ein skal ikkje tvinga studentar inn i ein underviningssituasjon, men det er klart at ein må sjå samanhengen mellom tilbodet og læringseffektar. Jo meir avansert kunnskap studentane skal tilegne seg, jo meir krev det oppfølging av dei vitskapelege tilsette. Det er nettopp oppfølginga ein må gå ut frå forsvinn med dei låge tala for undervisning, avsluttar Kantardjiev.

Til Kunnskapsdepartementets sak «Norske studenter studerer 34 timer i uka«

Kontakt:
Leder av Norsk studentorganisasjon (NSO), Kim O Kantardjiev: 957 92 556

Foto
Pressebilde av Kim Kantardjiev (Foto NSO):