Du er her: Student.no > Blogg > Stortingsvalget 2013 > 11 månadar studiestøtte

22.08.2013 (oppdatert 28.04.2014)

11 månadar studiestøtte

For to veker sidan kom det nye tal som viser at norske studentar aldri har vore fattigare. Det har definitivt ikkje mangla på fagre ord om heiltidsstudenten. No er det tid for handling.

Utgangspunktet for blogg-serien om 25 grunnar til å stemme Venstre har vore at eg i størst mogleg grad skal unngå løfte om meir pengar til alt, og heller løfte fram meir ideologiske spørsmål. Eg gjer likevel eit unnatak i dag. Rett nok meiner Venstre sjeldan at løysinga på samfunnsutfordringar er å hive meir pengar på problemet, men snarare å gjere ting smartare og tenke nytt. Når det kjem til høgare utdanning, forsking og studentvelferd, derimot, er faktisk hovudutfordringa at regjeringa ikkje har klar å prioritere tilstrekkjelege ressursar inn i sektoren.

«Éi viktig utfordring for studiekvaliteten er noko så basalt som å legge til rette for at studentane har tid til å vere studentar»

Noreg ligg langt bak land vi ønskjer å samanlikne oss med, både når det gjeld forskingsinnsats og resultat ved universiteta og høgskulane våre. Til dømes er ikkje ein einaste norsk utdanningsinstitusjon på lista over dei 200 beste i verda, medan våre naboland er representert ved fleire institusjonar.

Éi viktig utfordring for studiekvaliteten er noko så basalt som å legge til rette for at studentane har tid til å vere studentar. Det har dei ikkje i dag. 60 prosent av studentane jobbar ved sidan av studiane, og norske studentar har aldri hatt dårlegare råd.

Før stortingsvalet i 2009 lovde alle parti, med unnatak av Frp, å styrke studiefinansieringa ved å innføre ein ekstra månad med støtte. Dette handlar både om at studentane har lite pengar, men også om at studieåret har blitt lenger – og mange ikkje har avsluttande eksamen før langt ut i juni. Både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV gjekk til forhandlingsbordet etter valet med løfte om 11 månadar studiestøtte. Og lukkast med å tape forhandlingane med seg sjølve. Ein prestasjon, må ein kunne seie.

Dei einaste som har prioritert 11 månadar studiestøtte i sitt arbeid på Stortinget er Venstre, KrF og tidvis Frp.

Å arbeide for at det skal vere mogleg å studere på heiltid er ei viktig sak for Venstre. I ei ny, blågrøn regjering vil vi kjempe for auka studiefinansiering, 2000 nye studentbustadar i året og årleg prisjustering av studielånet.

 

Del dette