Det er den draumen me ber på.
NSO har i ei årrekke jobba for å påverke korleis det ferdige statsbudsjettet skal sjå ut, og det gjennom ei liste statsbudsjettprioriteringar, som i liten grad har endra seg gjennom åra.
I år ser lista slik ut:
- Studiestøtten økes og knyttes til 1,5 ganger grunnbeløpet i folketrygden.
- Det skal gis tilskudd til bygging av 3000 nye studentboliger. I forbindelse med statsbudsjettet må det åpnes opp for å gi tilskudd til rehabilitering av studentboliger.
- Minst 40 prosent av studielånet skal konverteres til stipend ved oppnådde studiepoeng.
Les meir om dei her.
Så korleis ser det ut for prioriteringane til NSO for i år?
Eg hadde ikkje vore ærlig med deg om eg meinte at eg hadde trua på at ei opptrapping til 1,5G i 2021. Som andre år så ventar NSO at det skal kome ei prisjustering, slik at studentane ikkje skal hamne bak samfunnet i prisutviklinga. Dersom dette skulle bli innført på eit år ville det om lag kosta åtte mrd. kroner. Og det ville det kvart år etter, òg, sjølv om berre det er om lag to mrd. som ville vore netto utgifter i stipend. Det resterande ville etter kvart blitt tilbakebetalt med renter. Det er ein dyr post, som NSO har hatt augene på i mange år, og heller ikkje i år har eg noko tru på at denne vert realisert. Opptrapping til elleve månader studiestønad kom gradvis over fleire budsjett. Likevel kosta den berre om lag 700 millionar. Skal ein betre studentøkonomien for å gjere det enklare å fokusere på studier, så er 1,5G studiestønad med dagens stipendordning eit fjernt mål, og på eit tidspunkt, der budsjetta blir stramare, og studentane fortsatt er underfinansiert, er det mogleg at det må til alternative løysingar for å nå målet.
I vår gav regjeringa ut 250 millionar til rehabilitering/oppgradering av studentbustadar. Dette var ein siger for båe studentane og studentsamskipnadane, og NSO har nyleg satt det som eit budsjettkrav. Likevel er det få signalar om at dette kjem igjen, då det var eit tiltak for å auke ei minkande sysselsetjing i krisetider då det kom i vår. Det er i tillegg det å byggje bustadar det blir meir tak over hovudet for studentar av. Diverre er det vanskeleg å tenkje seg at det vert 3000 av dei i 2021 løyvingane, sjølv om det er meir von her. Etter eit par år der samskipnadane har syna det vanskeleg å byggje 3000, og at satsinga alleriee har vore sørs god frå regjeringa, så vil ein truleg sjå på ein stad mellom 2000 og 2500 bustadar løyva. Meir nøyaktig kan ein hamne på om lag 2200, utan at eg er spåmann nok til å setje pengane mine på dette. Eit anna ynskje, som kanskje vert realisert er at regjeringa kan sjå på tiltak for tilskotsordninga for bygginga av studentbustader. Kunnskapsdepartementet hadde ei arbeidsgruppe som i 2018 la fram ein rapport med tiltak. Det er vanskeleg å seie akkurat kva tiltak ein eventuelt vil sjå på, men signala er at denne kanskje endeleg vert brukt.
Reversering av Konverteringsordninga frå 2019 er det siste kravet til NSO. Dette var eit uventa grep frå regjeringa, og det er like uventa at den skal forsvinne med 2021 budsjettet. Dersom denne skal reverserast må ein nok sjå til ei anna regjering enn dei som innførte ordninga. Det er få teikn som synar at denne har, eller ikkje har fungert i den korte perioden den har vore aktiv, og noko som difor burde satsas på er forsking for å følgje opp nettopp dette.
Med den gjennomgangen går me altså inn i 20201 budsjettet med moderate von. I tillegg vil me nok sjå ytterlegare ABE-kutt, som eit eksempel på ting ein kan vente seg utanfor dei prioriterte statsbudsjettkrava til NSO.
Noko av relevanse som eg var innom i går, var at dette blir eit forslag frå regjeringa. Eit forslag det ikkje naudsynlegvis er noko å juble av for NSO. Under handsaminga kan likevel det meste skje. Det beste er dimed at fleire av desse spådomane blir sett tilbake på og ledd av.