Skip to main content
16 February 2021

Studentkravet 2022 – Maratonet fortset

Studentkravet 2022 – Maratonet fortset

NSOs Jonas Økland skriver om Studentkravet 2022

  • Studiestøtten økes og knyttes til 1,5 ganger grunnbeløpet i folketrygden.
  • Det skal gis tilskudd til bygging og oppgradering for å nå et mål om 20 prosent dekningsgrad.
  • Studenter skal inkluderes i dagpengeordningen.
  • Minst 40 prosent av studielånet skal konverteres til stipend ved oppnådde studiepoeng.

Staten Noreg sitt viktigaste dokument skal lagast i år att. Vil du ha noko gjort, kan det ofte vera her du får det til. NSO heng seg i alle fall på maratonet å flytte millionar, og helst milliardar, av AS Noreg sine midlar, for å gjere det lettare, kjekkare, og betre for studentane å nettopp vera student. Studentkravet er NSO sine budsjettkrav til statsbudsjettet, og består i år av fire punkter.

Anten du er politikar, journalist, student, eller berre synast det er kjekt å lese bloggar som ikkje er rosa, så vil eg prøve å ha nokre innlegg i ny og ne. Eg vil prøve å skrive litt om båe  prosessen til budsjettet, og våre og politikarane sine tankar

  • Studiestøtten økes og knyttes til 1,5 ganger grunnbeløpet i folketrygden.

Ikkje berre for eit budsjett om gongen er eit maraton ein god metafor, men gjennomslag kjem ofte heller ikkje over eit budsjett, men mange år. Prakteksempelet på dette er studentrørsla sitt krav om 1,5 gongar grunnbeløpet i folketrygda(G) i studiestøtte – og forklara som om lag 150.000kr i lån og stipend i året.

Denne regjeringa har allereie gjeve studentane studiestøtte for elleve månader. Det er ein stor milepæl. Studiestøtta går sakte men sikkert rett veg, og det er ingen grunn til å snu med eit slikt driv.

Likevel er det eit stykke igjen før studentrørsla sitt mangeårige mål om å få støtta til 1,5G er i mål. Studentar flest jobbar ved sida av studiene, og dei aller fleste for å få økonomien til å gå rundt. Det er ofte uttala, òg av regjeringa sjølv, at studiestøtta ikkje er nok til å leve på åleine. Ei auke i studiestøtta kan hjelpe til at jobben ikkje blir like naudsynt for å kunne studere, for somme studentar, og dimed kunne studere meir. Det har ein god moglegheit til å gjere noko med, så eg vonar de hentar nye krefter til å gjere at økonomien blir ein ting studentane i mindre grad treng å ottast for.

  • Minst 40 prosent av studielånet skal konverteres til stipend ved oppnådde studiepoeng.

For dei med god hugs, så kan ein hugse at regjeringa i sitt budsjett for 2019 ynskja å avgrense kven som faktisk fekk 40% av studiestøtta i stipend. Ein kunne ikkje lenger byte studium, ta årsstudium, eller avslutte studium dersom ein hadde ambisjonar om å ha 40% stipend. Det er mange situasjonar som gjer at studentar kan hamne i ein av desse kategoriane, og for NSO er det ikkje noko som tilseier at desse skal ha ein stipendandel på 25%. Høgare utdanning må gjerast så tilgjengeleg som mogleg!

  • Det skal gis tilskudd til bygging og oppgradering for å nå et mål om 20 prosent dekningsgrad.

Leige er utan tvil det som kostar mest pengar på eit studentbudsjett, men, irriterande nok, så lyt ein bu. NSO er oppteken av å oppretthalde ei høg byggetakt av studentsamkipnadsbustadar. Utan at bustadane vert bygd, vil det sakte men sikkert vera vanskelegare for studentane å få seg studentbustadar. Reknestykket er enkelt: Kjem det fleire studentar til, enn det vert bustadar bygd, vert det mindre tilgjengelegheit.

NSO sitt ambisjonsnivå om 20% dekningsgrad vil seie at 20% av alle studentar skal kunne bu i studentbustad. Det vil kreve at myndigheitene løyver nok pengar til å bygge for å  oppretthalde ein vekst, i henhold til reknestykket over. Akkurat no ligg me på rett i underkant av 15% dekningsgrad, og fleire tusen bustadar må byggast kvart år, for å la dette vekse.

Ikkje berre vil større tilgjengelegheit på studentbustadar gjere at den private marknaden i større grad må tilpasse prisane sine til nivået til samskipnadane, men ein får og bustadar som er bygga tilpassa studentane sine behov og ynskjer. Skulle dei likevel ikkje vera det tilpassa, så kan studentane vera med å påverke dette gjennom representasjonen sin i styrene til samskipnadane!

  • Studenter skal inkluderes i dagpengeordningen.

I eit budsjett som vonleg skal ta oss med på veg ut av pandemien, tek me med oss inn mange erfaringar, og behova til studentane er framleis dei same, men korona har i tillegg syna fleire ting som er viktige å fokusere på i dette budsjettet.

Studentar er no utelatt frå dagpengeordninga berre i kraft av å vera studentar. Ein treng ikkje sjå lenger enn til Island, som fann ut at det var ei god løysing å inkludere studentane, saman med alle andre. Det er ikkje fyrste gong Island har syna seg å vera framsynte! Studentar betalar skatten sin på  same måte som alle andre, og har oftast jobben sin for å betale utgiftene sine. Studentar jobbar. Slik er det, og slik vil det vera.

Så korleis kjem me i mål? Det er mange kroner og øre det her blir spurd om. Staten Noreg har lånt og lånt oljepengar det siste året, og det kan fort vera at budsjetta vert trongare. Likevel er det ingen grunn til at studentane skal vera taparar av den grunn. Kunnskap vil alltid vera eit viktig satsingsområde.

Mykje av dette er som sagt eit maraton for studentrørsla, og me vil sjå framgong, og aller helst skimte målstreken ved dette budsjettet.