I ein pressekonferanse i dag har FHI uttalt seg som bekymra for studiestarten, men både Statsråd Bent Høie og Henrik Asheim har sagt at det er viktig å ha studiestart for at studentane skal få ein god start på studiene sine. NSO seier seg einig med statsrådane at faddervekene bør bli gjennomført i tråd meg dei reglane som ligg til grunn.
Pressemelding frå Norsk studentorganisasjon (NSO) 7/8-20
I år er det rekordinnrykk av studentar, og studiestart er som alltid ein viktig føresetnad for at studentar skal kome seg godt i gang på studiet sitt. I følgje ShoT undersøkelsen er 1/3 studentar einsamme.
– Psykisk helse og tilhøyrsle er viktig for gjennomføring av utdanninga di, og her er studiestart eit av dei mest effektive tiltaka for dette. Utan fadderveker fryktar me at talet som lid av einsemd vil auke, og at det gjev fleire grunnar til fråfall, seier NSO-leiar Andreas Trohjell
Institusjonane har eit ansvar for å sørgje for at dei legg til rette for forsvarleg gjennomføring. Fortlaupande dialog med studentane er essensielt, og sørgje for å vera tilgjengeleg og hjelpsam.
– Kvar enkelt student må sørje for å ta sitt ansvar og bli med i dugnaden for at alle studentane skal få ein god og sikker start på studiene sine, seier Trohjell
NSO veit at institusjonar og studentar som arrangerar har lagt til rette for gode mottak av studentar i år i tråd me eksisterande regelverk.
– Arrangørane har gjort ein jobb for å lage gode studiestartar i tråd med rettningslinjene, som har krevd mykje nytenking. Det er dei same rettningslinjene som ligg til grunn når studiestarten startar, som arrangørane har planlagd for, avsluttar Trohjell