Du er her: Student.no > Dokumenter > Handlingsplan for 2019/2020

Handlingsplan for 2019/2020

Vedteke av NSOs landsmøte 2019.

Handlingsplana er landsmøtet si plan for kva Norsk studentorganisasjon skal leggje vekt på det neste året. Plana legg føringar for kva politiske prioriteringar organisasjonen skal gjere i perioden, og kva organisasjonen skal leggje vekt på i arbeidet sitt.

Dette dokumentet legg grunnlaget for det politiske og organisatoriske arbeidet i organisasjonen, saman med statsbudsjettkrava som er vedteke av sentralstyret. Handlingsplana er ikkje uttømmande for organisasjonen sitt arbeid gjennom året.

STUDENTLIVET

NSO skal arbeide for

  • betre støtteordningar for studentkultur og studentidrett.
  • at det blir investert og forska på i førebyggjande tiltak for å betre studentane si psykiske helse.
  • at studentar blir omfatta av yrkesskadeforsikringslova.
  • å betre dei økonomiske vilkåra og tilrettelegginga for gravide studentar og studentar med barn.

INTERNASJONALT

NSO skal arbeide for

  • å redusere visumavgifta og eigenkapitalkravet for internasjonale studentar, og samtidig innføre moglegheit for å betale visumavgifta som ein eingongssum.
  • at det må leggjast til rette for at flyktningar som kjem til Noreg skal kunne halde fram med sin høgare utdanning og inkluderast i det akademiske miljøet.
  • studentrepresentasjon i globale fora og være en tydelig stemme for gratis høgare utdanning internasjonalt.

UTDANNINGSKVALITET

NSO skal arbeide for

  • at studentar får betre fagleg oppfølging.
  • at sektoren jobbar for at verda når FN sine berekraftsmål i samsvar med Agenda 2030.
  • at all praksis i høgare utdanning skal gi studiepoeng.
  • at alle studentar skal få oppleve eit akademia kor deira språklege behov vert møtt – både fagleg og identitetsmessig.
  • å følge opp arbeidet med revideringa av universitets- og høgskulelova.
  • auke andelen innovasjon og entreprenørskap i høgare utdanning.
  • en nasjonal kartlegging av studentar med tilretteleggingsbehov.

INTERNPOLITISK

NSO skal arbeide for

  • å inkludere eit mangfald av studentar i organisasjonen.
  • å utvikle organisasjonen sine kurstilbod og gjere dei betre kjent for medlemmane.
  • at organisasjonen følger opp studentar valt til eksterne råd og utval.
  • å inkludere sentralstyret sine varaer i arrangement i NSO.
  • at resultata frå den årlege medlemsundersøkinga blir nytta til å gi UHR konkrete forslag for sikrare og styrka drift av lokale studentdemokrati.
  • nytte dei politiske komiteane på ei effektiv måte og gjere arbeidet deira meir tilgjengeleg for medlemslag.