Du er her: Student.no > Landsmøtet 2020 > Valg på landsmøtet > Emily MacPherson

Emily MacPherson

Sentralstyret – Medlem

Studiested: INN – Høgskolen i Innlandet

E-post: macp.emily@gmail.com
Telefon: 47668257

Motivasjon for å stille til dette vervet

Heia kjære virtuelle landsmøte, SST er noko eg har tenkt på å stille til lenge, men så kom COVID-19, og alt som følgde med det. Det siste året har eg sitte i utvalet til Forskarforbundet student, og dermed Unio studentane. Så den siste tida under denne krisa, har eg bidratt det eg kan til Unio med innspel om situasjonen for studentar. På toppen av det dette fekk vi også tragiske nyheiter for vår delegasjon, studentorganisasjonen og heile høgskulen, då vi mista ein av våre i ein ulykke. Ein av dei siste samtalane eg hadde med han var om å stille til verv i NSO, då vi blei valt til delegasjon. Den første dagen virka alt anna i livet fjernt og uviktig. Så kom ein ny dag med meir urett for oss studentar, og eg kjende at eg måtte kjempe vidare for våre studentar. For å beskrive meg sjølv brukar eg å sei at eg er frå Storbritannia via Sunnmøre. For tida studere eg Master i Treningsfysiologi på Lillehammer, tidlegare har eg studert Bachelor i Music Management på Rena. Eg har ein bachelor i Idrettsvitskap med biologi frå Oxford Brookes. Studentpolitikk er noko eg alltid har engasjert meg for, og har vært aktiv både her i Norge og i Storbritannia. Eg har mange forskjellege interesser, og har sitte i mange ulike verv, no sit eg som parlamentsdelegat for Lillehammer. Eg er også vara i samskipnadsstyre vårt, og har fått deltatt på eit par møte. Eg har også vært med å arrangert Fadderuke og Uka på Rena, sitte i mangfald- og likestillingsutvalet, starta rugby klubb, og sitte i styre til ADHD Norge Innlandet. Har vært med på landsmøte to gongar, og no vil eg lære meir om NSO frå innsida, og være med å bidra det eg kan. LM er noko av det kjekkaste og koselegaste eg har vært med på, ein strak motsetning til den nasjonale samlinga til NUS i Storbritannia, som var skummelt og lite inkluderande. Sidan eg ikkje er norsk statsborgar, kan eg ikkje stemme i stortingsval, difor er det viktig for meg å prøve å påverke der eg kan fram mot valet. Studentpolitikk er noko av det viktigaste for meg, og eg talar studentanes sak der eg kan. Hjartesaka mi er rettigheitene til funksjonshemma, eg er opptatt av at alle skal oppleve eit inkluderande akademia, og dermed ein meir inkluderande verden. Vi har sett at mykje kan digitaliserast, etter vi måtte det på så kort varsel, det viser at det er moglegheiter i framtida for å inkludere fleire studentar på ulike måtar. Gleder meg til å jobbe opp mot den nye UH loven, og kanskje dra nytte av ein annan NOU frå i år «Tenester til personar med autismespekterforstyrrelser og til personar med Tourettes syndrom» i det arbeidet. Eg har lang karriere som student, men er like ivrig og gira på å gjer ein forskjell, berre med litt meir erfaring under beltet. Eg er klar for å takle ein ny arena og utfordring om eg får tilliten dokkar. No er det berre å kontakt om dokke vil, sitter på hybelen og jobbar med masteren, men er mykje gøyere å snakke om studentpolitikk. Ta vare på dokke sjølve, no må vi så godt vi kan å ta vare på kvarandre på avstand. Godt val!