Du er her: Student.no > Landsmøtet 2020 > Valg på landsmøtet > Henriette Seim

Henriette Seim

Arbeidsutvalget – Velferds- og likestillingspolitisk ansvarlig

Studiested: NLA – NLA Høgskolen

E-post: henriette.seim@hotmail.com
Telefon: 97703471

Motivasjon for å stille til dette vervet

Mitt namn er Henriette Seim, og til våren fullfører eg bachelor i økonomi og administrasjon, ved NLA Høgskolen i Oslo. Eg er ein initiativtakar med stor gjennomføringskraft, noko eg har tatt i bruk i løpet av dei tre siste åra gjennom involvering i studentdemokratiet ved NLA Høgskolen. Det komande året ønske eg å bruke tida og stemma mi for å representera norske studentar i vervet i Norsk Studentorganisasjon sitt arbeidsutval som Velferds- og likestillingsansvarleg. Eg har erfart eit pulserande storbyliv dei siste tre åra i Oslo, og har gjennom studentengasjementet mitt opparbeida meg eit stort nettverk. Med ein bakgrunn frå bygda har eg kjennskap til fleire sider av samfunnet enn berre storbylivet. Eg veit korleis det er å kome frå bygda og skulle studere i ein større by – og kva for nokre utfordringa ein kan støyte på. Der det er behov for endring er det naturleg for meg å ta i eit tak for å sikre forbetring og gjennomføring. Eg gjennomføra det eg har starta på og legg eit solid grunnlag for dei som skal ta over.

Eg likar å vere med i planleggingsprosessar, og legge til rette for god gjennomføring. Dette har eg fått bruk for fleire gonge, gjennom å etablere fadderveke, linjeforeining og studentdemokratiet på skulen. Gjennom studietida har eg vore studentparlamentsmedlem i eit år, og organisatorisk nestleiar i to år. Her har vi jobba for å lage tillitsvalt handbok, samarbeidsavtale med høgskulen, ny lokalisering av campus i Bergen og Oslo, rekruttering til studentråda og studentparlamentet – for å nemne noko. Eit resultat av dette arbeidet var at vi i år hadde rekordmange som stilte til val, og som stemte! Eg har også vore med å opprette studentråd på Campus Oslo, der vi har hatt ulike sosiale arrangement, som julegraut, juleverkstad og påskeeggjakt. Vi har spesielt kjempa for å få tilbake lesesal, at det skal vere moglegheit for kjeldesortering og samarbeid på tvers av studieretningar. Vi har oppretta linjeforeining for økonomi og administrasjonslinja, der eg har vore leiar. Vi har gjennom denne foreininga endra ein del fag, med bakgrunn i tilbakemeldingar frå studentane. Vi har skapt Hauge-dagen, som skal vere ein arena der næringslivet og studentane kan møtast.

Gjennom studietida har eg fått erfare at ikkje alle studentar stiller på lik line i høgare utdanning, og dette vil eg vere med å påverke vidare. Ikkje alle institusjonane har lik tilgang på midlar og kunnskap. Dersom eg blir valt til velferds- og likestillingsansvarleg vil eg jobbe med å sikre kunnskap, også hos dei mindre institusjonane. SHoT-undersøkinga visar at 23% av studentar saknar ofte nokon å vere saman med, her har linjeforeininga vært betydningsfull. Vi har fått mange tilbakemeldingar frå studentar som endeleg har ein plass dei kan vende seg for å finne sosiale og faglege arrangement på studieplassen sin. Mitt første møte med Norsk Studentorganisasjon var på formøte til landsmøte 2019. Eg har lært utruleg mykje om NSO dette året, gjennom ulike verv. Eg blei på landsmøte valt inn i læringsmiljøpolitisk komité, der vi har jobba med å kartlegge tiltak mot uønskt fråfall, ulike tilretteleggingstilbod, og ulike system for varsling og tilbakemelding i høgare utdanning. Som velferds- og likestillingsansvarleg vil eg jobbe med mangfald. Vi må ikkje prioritere ut i frå det som er i vinden, og det som er tydelege manglar, vi må jobbe for alle til ei kvar tid.

Eg vil jobbe med heilheita, der alt er like viktig; kjønn, kulturell bakgrunn, sosioøkonomisk bakgrunn, alder, funksjonshemningar, meiningsmangfald, osv. Eg kan ikkje finne opp hjulet på nytt, men eg vil bidra med kunnskap og arbeidskapital inn i prosjekt som er tenkt, og begynt på. Eg vil lære av dei som allereie er i gong, og jobbe vidare med dette. Der SHoT-undersøkinga også er eit stort prosjekt det er viktig å jobbe aktivt med. Eg håpar med dette å få tilliten av landsmøte til å vere Norsk Studentorganisasjons Velferds- og likestillingsansvarleg det komande året.