Du er her: Student.no > Landsmøtet 2020 > Valg på landsmøtet > Jonas Økland

Jonas Økland

Arbeidsutvalget – Velferds- og likestillingspolitisk ansvarlig

Studiested: BI – Handelshøyskolen BI i Oslo

E-post: jonas.okland@haugnett.no
Telefon: 94054198

Motivasjon for å stille til dette vervet

Vyrde medstudentar! Eg har vore engasjert i studentpolitikken heile studietida mi, og det har nok vore ein større del av kvardagen min enn studiene. Dette engasjementet ynskjer eg å ta med meg for å få lov å jobbe fulltid for dei eg brenn for: Noregs studentar. Feltet eg har jobba med har vore velferdspolitikk. Eg har vore delaktig i Velferdstinget der eg har hatt ei markant rolle over lenger tid, og vore med å løfta viktige saker for studentane i Oslo. Dette har berre gitt meirsmak. Studentpolitikken på BI er gjort på ein heilt annan måte enn dei alle fleste er vandt til, som gjer at eg tar med meg eit heilt unikt perspektiv. Utan Studentparlament eller Studentting å lene seg på, jobbar ein mykje solo, spesielt nasjonalt. Dette har gjort at eg har måtte finne meg gode sparrepartnarar og nettverk utanfor BI, i den nasjonale studentpolitikken. Gjennom dette har eg lært meg samarbeid, samhandling, og korleis byggje relasjonar. Dette tar eg veldig gjerne med meg i påverknadsarbeidet i NSO. No sit eg som leiar av BISO, som er studentorganisasjonen på BI, der me i hovudsak er ein organisasjon som skal fasilitere for studentvelferd. Gjennom leiarstillinga mi, som omfattar drift på alle BI sine fire campus har eg fått mykje erfaring med kommunikasjon med avdelingar, og leiing generelt. Kvar av desse fire avdelingane treng ei heilt ulik oppfølging og har heilt forskjellege behov, i likheit med medlemslaga i NSO. Eg ser på denne kompetansen som svært verdifull, og kjem til å ta med meg erfaringa med å jobbe med denne breidda i NSO. I mi tid i studentpolitikken og NSO har eg hatt ei bratt læringskurve. Då eg kom inn som medlemslagsleiar hadde eg lite kompetanse innan studentpolitikken, og har måtte jobbe med andre studentleiarar for å utvikle meg. I tillegg har eg vore vara i Sentralstyret det siste året, og vore deltakande i den rolla. Det å både prøve å vera ganske fersk medlemslagsleiar, men etablere meg i løpet av perioden, saman med erfaringa mi frå Sentralstyret, gjer at eg har fått mykje verdifull innsikt i organisasjonen. Eg har vore med på å gjere dei øverste overordna beslutningane i organisasjonen, og eg har vore medlemslagsleiar som har følt at NSO ikkje strekk til for oss. Styring og medverking er nok den mest spanande saka internt i NSO for tida. Noko som er viktig for meg personleg er at NSO ikkje vil debattere om det er ein medlemsorganisasjon eller ein lobbyorganisasjon, men heller ha to tankar i hovudet samstundes. Å ha medlemslaga med seg er essensielt for at NSO skal snakke for heile studentmassa, og dermed er medlemslaga den viktigaste ressursen me har i lobbyarbeidet. Det viktigaste for studentrøyrsla, og for meg, vil alltid vera 1,5G i studiestøtte og 3000 årlege studentboligar. Me har ein spesielt god moglegheit til å få gjennomslag for 1,5G i studiestøtte no som opptrappinga til 11 månader varigheit er realisert og det er ei opning i statsbudsjettet. I den neste NSO-perioden skal mellom anna partia vedta sine partiprogram for 2021, og det er viktig at me er på ballen og løftar sakene til NSO inn mot dei forskjellege landsmøta. Me må vera proaktive. Eg har lenge vore interessert i politikk utan å drive noko med partipolitikk, og har opparbeida meg ei god politikkforståing, som gjer meg i stand til å sjå mange vinklar, til bruk i samtalar med samtlege partier. Dersom de ynskjer å gje meg tilliten til å jobbe eit år i NSO for dykk, vil de få ein som jobbar godt med organisasjon, som ynskjer å få med medlemslaga, slik at eg, og resten av Arbeidsutvalet, best kan jobbe med eit påverkingsarbeid for god velferdspolitikk til heile studentmassa. Godt val!