Du er her: Student.no > Landsmøtet 2020 > Valg på landsmøtet > Morten Stene

Morten Stene

Arbeidsutvalget – Fag- og læringsmiljøpolitisk ansvarlig

Studiested: UiB – Universitetet i Bergen

E-post: mstene95@gmail.com
Telefon: 92495858

Motivasjon for å stille til dette vervet

Når eg fekk moglegheit til å stilla til val til arbeidsutvalet til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen var det å kunne engasjere og påverke kvar enkelt sin kvardag, som gjor at eg valde å stille. Den moglegheita har eg verkeleg fått, som læringsmiljøansvarleg ved Studentparlamentet. Det engasjemange og den erfaringa eg har fått frå eit år der eg har sett at UiB har endra seg og nye idear har utfolda seg har gjort at eg ønsker å bidra meir.

Derfor så blei det heil openbart for meg at eg ønskte å stilla til arbeidsutvalet i Norsk Studentorganisasjon. Eg har gått fram og tilbake på om eg ønska å stille til leiar eller Fag og Læringsmiljø, men fann ut at for meg var det engasjemanget for det faglege som var viktigast og dermed kom leiar i andre rekke. Det å kunne utfordre sektoren skape ein ny kvardag for studentar og gjer ein forskjell er det som engasjerer meg kvar dag eg går på jobb. Ei av de store sakane i Bergen har vert å utbetre situasjonen for studentar med funksjonsnedsettingar og det å kunne sjå at tiltak blir verksatt for å betre deira situasjon gjer at eg vil bidra endå meir. Spesielt med AUNE utvalet og endringa i lovverket blir det viktig å sikre at lovar som sikrar personar som har funksjonsnedsettingar får den studietida de fortjener. Det er noko eg ønsker å prioritere vist eg blir vald til NSO sitt arbeidsutval.