Du er her: Student.no > Landsmøtet 2020 > Valg på landsmøtet > Trym Nikolas Rimmen

Trym Nikolas Rimmen

Arbeidsutvalget – Internasjonalt ansvarlig

Studiested: HVO – Høgskulen i Volda

E-post: tnrimmen@hotmail.com
Telefon: 97499578

Motivasjon for å stille til dette vervet

Eg har dei siste 4 åra vore aktiv i studentpolitikken både lokalt og nasjonalt. Gjennom dette har eg tileigna meg synsvinklar og verdiar som eg tykkjer er viktig å ta vare på. Eg ønskjer å ta med meg desse vidare for å bidra til ein inkluderande utdanningssektor. Ein plass der vi verdset mangfald og moglegheita for alle til å tileigne seg gode erfaringar og kompetanse.

Eg har dei siste to åra sete i AU for Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda. Først som velferdsansvarlig og nestleiar, og deretter som leiar. Dette har gitt meg innsikt i korleis ein samarbeidar for å løfte fram og får gjennomslag for viktige tiltak og politikk knytt til studentane. Gjennom dette vervet har eg også vorte kjent med det eg vil kalle for «glansbildet». Vi studentar er ofte representert i ulike forum, men forutsetningane for å delta er ikkje alltid lagt til rette for. Eg er opptatt av at der vi er representert og skal representerast, at vi faktisk har likeverd. Studentar skal kunne meine, delta og fatte på likt grunnlag. Sidan forrrige landsmøte har eg også sete i Internasjonal komité for NSO. Vi har jobba med tiltak og vidareføring av politikk som vart vedtatt året før. Av denne grunn er eg derfor kjent med politikken som NSO jobbar med, og vil ta dette arbeidet vidare.

I mi meining evnar eg å inkludere og samle ulike menneske rundt eit felles mål. Med positiv energi, å sjå moglegheiter og motivere den enkelte til korleis ein kan bidra, byggjer ein eit sterkt lag. Her vil eg trekke fram korleis Studentparlamentet har vorte ein aktiv pådrivar for å samle dei ulike velferdstilboda i Volda til ei arbeidsgruppe der ein jobbar med forebyggande tiltak som gagnar studentane. Gjennom tida som leiar i Volda har eg alltid ønskt vere mest mogleg til stades når eg jobbar med noko. Gjennom å vere der fysisk og vere synleg, medverkar ein til å sjå og høyre kvarandre betre. Dette er noko eg definitivt ønskjer å fortsette med. Når det kjem til å arbeide i eit team for å oppnå eit felles mål, er dette noko eg har erfaring med, men samarbeid og god arbeidskultur er ikkje ei sjølvfølge. For meg er det viktig å ha tydelege forventningsavklaringar med dei eg jobbar med. Det vert betre å samarbeide og det merkast i kvaliteten av jobben utført. Eg evnar godt å samarbeide med andre og byggje relasjonar. Gjennom å ta forventingsavklaringar kan ein lytte betre, prate og samarbeide. Det er viktig å diskutere saker, og det er endå viktigare å faktisk gå vidare med å ta meningar ut i handling.

Eg ønskjer å ta med organisasjonens meiningar knytt til berekraftsmåla ut i praksis, og utfordre meiningar knytt til korleis utdanningssektoren kan gå framtida i møte. Eg har gjennom min tid som student vore ein del av det internasjonale miljøet ved studiestaden. Noko eg har merka meg er dei ulike prosessane innan utdaning som skjer utanfor Noreg, som vi burde ta med tilbake og lære av. Dette ønskjer eg å ta med inn i vervet. Høgare utdanning i Noreg er god på mange måtar, men vi bør aktivt søke etter å gjere den betre.

Eg har tre kjernemål, som eg ser som viktig at vi jobbar for og diskuterer. Det første er Universell moglegheit for utveksling. Uavhengig om ein har ei funksjonsnedsetting må vi sjå på korleis utveksling vert noko for alle og ikkje dei få. Nummer to er korleis ein jobbar for ein berekraftig verksemd i sektoren. Verda er i stadig endring. Vi skal ikkje vente i båten til bølga kjem, men vi skal gå den i møte. Det siste punktet eg ønskjer å trekke fram er korleis vi tekk i mot studentar utanifrå og bidreg til at desse har eit godt lærings- og sosialt miljø. Vi må jobbe aktivt med medlemslag for å fremja god inkluderingskultur av internasjonale studentar. Eg spør: kvifor reiser ein på utveksling? Det er for å møte andre kulturar, verdiar og utvide horisonten. Får ein ikkje til gode møtepunkt med dei som kjem til oss, så står vi framleis på staden kvil.