Du er her: Student.no > Landsmøtet 2020 > Valg på landsmøte 2020 > Morten Stene (Vara SST 2020)

Morten Stene (Vara SST 2020)

Vara til Sentralstyret

Studiested: UiB – Universitetet i Bergen

Epost: mstene95@gmail.com
Telefon: 92495858

Motivasjon for å stille til dette vervet

Hei, eg heitar Morten, er 25 år gammal og studerer Media og kommunikasjon og Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, i tillegg har eg studert Økonomi og administrasjon ved BI Bergen tidlegare. Vist der vel meg får dykk ein student som er engasjert og har erfaring frå mange ulike organisasjonar. Eg har i tillegg til å vert velferd og læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet ved UiB, hatt ein rekke verv i studentfrivilligheita i Bergen, hjå Det Akademiske Kvarter, Studentersammfunnet i Bergen og Studentmållaget.

Hjartesaka mi er at studentar skal ha like moglegheiter til å ta og gjennomføre høgare utdanning. 1 av 4 studentar har ei funksjonsnedsetjing, som gjer studiekvardagen annleis. Dette er ei utfordring me må ta på alvor, ei høgare utdanning kan bety forskjellen på om ein kjem ut i jobb eller ikkje og spesielt vist ein har ei funksjonsnedsetjing. Me treng at ikkje berre undervisninga, men alt rundt blir lagt til rette slik at flest mogleg kan oppleve å få den utdanninga de vert lova. Eg har det siste året vert med i styringsgruppa for UiB sitt prosjekt med Universell Utforming som har utforma ein rapport og kjem til å ta den erfaringa med meg inn som vara i SST og kjem til å være ei sterk stemme for de som har ei annleis studiekvardag.

Eg kjem til å være ei stemme for alle de som har ein annleis studiekvardag, men for å klare å få ei best mogleg studiekvardag for alle treng me å i endå større grad jobbe for studentidretten og -kulturen. 2020 har vist kor sårbar frivillige organisasjonar er og kor viktig gode rammer er for å sikre eit godt tilbod til alle studentane i Noreg. Gjennom ulike verv i Bergen har eg blitt kjent med organisasjonar som utgjer ein stor forskjell for studentane i Bergen. De sitter viktige sakar som klima og miljø på agendaen, er ein sosial arena og gir moglegheit for fleire å få si stemme høyrt. Blir eg vald til vara i SST kjem eg til å være ei sterk stemme for alle studentar, men også for samarbeidet på tvers av utdanningsinstitusjonane. Sjølv etter at eg var ferdig som tillitsvald hjå Studentparlamentet har eg fortsette mitt gode samarbeid med de ulike studentdemokratia på vestlandet og blei nyleg vald til prinsipprogramkomiteen til Høgskulen på Vestlandet.

Eg gler meg til å følja landsmøtet og håper å få dykkar tillit til å representere dere i SST. Lykke til og godt val! <3