Du er her: Student.no > Landsmøtet 2021 > Valg på landsmøtet 2021 > Henriette Seim – LM 2021

Henriette Seim – LM 2021

Sentralstyret – Medlem

Studiested: Universitetet i Oslo

Epost: Henriette.seim@hotmail.com
Telefon: 97703471

Motivasjon for å stille til dette vervet

Kjære landsmøte! Mitt namn er Henriette Seim, og eg har reist 24 gonger rundt sola.

Eg har det siste året sete som samarbeidsansvarleg i arbeidsutvalet til Velferdstinget i Oslo og Akershus. Frå før har eg ein bachelor i økonomi og administrasjon frå NLA Høgskulen. Gjennom bacheloren min var eg engasjert i studentdemokratiet på høgskulen, og synast studentpolitikk er kjempe kjekt. Frå året i Velferdstinget tar eg med meg brei erfaring frå fleire studentdemokrati knytt til NSO. Som samarbeidsansvarleg har eg hatt ansvar for å følgje opp, spesielt dei mindre, studentdemokratia og veit kva som rørsla seg i studentpolitikken.

I sentralstyret ynskje er å fortsette arbeidet for ein best mogleg studentkvardag. Eg har dei to siste åra sete i komité for NSO. Først i læringsmiljøpolitisk komité også eit år no i velferds- og likestillingspolitisk komité. Inn i sentralstyret tar eg med meg erfaring frå å utarbeide saker til arbeidsutvalet og til sentralstyremøter. Eg trur det ligg mykje meir vilje i komitear til å arbeide med saker sentralstyret ynskjer, og trur det ligg mykje ubrukte ressursar i komiteane. Det er viktig å bruke breidda av organisasjonen.

Eg likar å ta plass i forsamlingar og er ikkje redd for å sei meininga mi. Eg meina det er sunt at vi er forskjellige, og har forskjellige meiningar. Samtidig er eg ofte limet i vennegjengen og er flink til å sjå folk rundt meg. Vi går mot eit stortingsval og aldri før har det vore viktigare å stå samla som studentbevegelse, og kjempe for krava vi som studentar har. Eg diggar Norsk Studentorganisasjon, og lovar seine kveldar med Secret Hitler!

Godt val.