Du er her: Student.no > Landsmøtet 2021 > Valg på landsmøtet 2021 > Morten Stene – LM 2021

Morten Stene – LM 2021

Arbeidsutvalget – Velferds- og likestillingspolitisk ansvarlig

Studiested: Universitetet i Bergen

Epost: mstene95@gmail.com
Telefon: 92495858

Motivasjon for å stille til dette vervet

Vyrde landsmøte, eg heiter Morten Stene, og ber om dykkar tillit som velferd- og likestillingspolitisk ansvarleg. Eg har de siste åra jobba mykje med både læringsmiljø og velferd, og har deltatt aktivt for å sikre studentfrivilligheita her i Bergen ei større plass. Når eg satt i arbeidsutvalet ved Studentparlamentet ved UiB, var eg delegasjonsleiar for vår delegasjon, og er vant til å samarbeide for å få til den beste politikken.

Framover skjer det mykje som kan endra velferdspolitikken. Pandemien har vist kor viktig gode bustadar, og rimelege bustadar er for å sikra ei god studenttilvære. Eit tillegg til dette er at i Aune rapporten om ny UH-lov foreslo dei ei gjennomgang av studentsamskipnadslova, som har fått støtte av både samskipnadsrådet, og NSO. Eg trur at ei slik gjennomgang bør være noko som kan være med på å løfte nokon av problemstillingane som har vert med samarbeid, og kva rollefordelinga mellom samskipnadane og andre aktørar skal være. Saman med ungdomspartia, og andre studentorganisasjonar har me fått til eit ungdomskrav som viser godt kva me forventar av kommande storting. Eg vil som velferd- og likestillingspolitiskansvarleg bruke dette opp mot politikarane, og vise alle kva som trengs for å sikre ei god studietid. NSO er allereie i gang med budsjettprosessen, og fram mot nytt storting så må me sikra at gode studenttiltak vert med, og at de blir verande i komande budsjett.

Eg har ved Universitetet i Bergen vert tillitsvald på institutt og sentralt. Eg har deltatt i Velferdstinget Vest som delegat i 2 periodar, og satt den siste perioden som delegasjonsleiar for UiB. Eg har hatt mange verv på Universitetet og var velferd og læringsmiljøansvarleg i Studentparlamentet. Gjennom det vervet var eg nestleiar i læringsmiljøutvalet, med i styringsgruppa til UiB sine prosjekt for digitalisering, universell utforming og mottak av nye studentar. Før eg satt i arbeidsutvalet var eg vert leiar av internasjonal komité og prinsipprogramkomiteen ved parlamentet, og i tillegg har eg hatt verv i NSO i Internasjonal- og Læringsmiljøpolitisk komité, og verv i Unit og UHR.

Eg er omtenksam og tenkjer på andre før meg, og har eit stort engasjement og kjen ti å bruke det i møte med politikarar, og andre rundt om i Noreg. Sjølv om eg til tide er rotete har det gjort meg strukturert. Me får frå hausten av eit nytt storting, og store moglegheitar til å få gjennomslag for vår politikk. Det skjer masse frå omstrukturering, ny lov, og i ei overgang frå ei ekstraordinær situasjon. Eg vil bruke mitt engasjement, og erfaring til å gi studentane eit ny og betre studiekvardag. Eg gler meg til eit spannande val, eit landsmøte der eg gleder meg til å sjå dykk sjølv om eg helst ville møtt dykk fysisk, og håper dykk vil gi meg tillit.

 

Godt val!