Du er her: Student.no > Landsmøtet 2021 > Valg på landsmøtet 2021 > Trond Fredrik Hoddevik – LM 2021

Trond Fredrik Hoddevik – LM 2021

Læringsmiljøpolitisk komite – Medlem

Studiested: Høgskulen i Volda

Epost: trondfredrik@hotmail.com
Telefon: 48257499

Motivasjon for å stille til dette vervet

God dag landsmøte!

Eg stiller som kandidat til læringsmiljøpolitisk komite på bakgrunn av mitt engasjement ved Høgskulen i Volda. Kort og godt, så er eg i skrivande stund Fagansvarleg i Studentparlamentets AU. I tillegg har eg hatt gleda av å vere klassens tillitsvald og vore studentrepresentant på avdelinga sidan eg byrja å studere i 2017. Eg har gjennom denne tida fått oppleve at somme studentar har forlatt sine studiar, men at grunnlaget kan er meget variert. Fråfall frå studiet er derfor noko meget interessant å både kunne diskutere og utforme politikk som nettopp minimerer slikt. At eg i lag med mange gode medstudentar skal til å skrive mastergrad i samfunnsplanlegging til hausten gjer meg ikkje mindre interessert i å nettopp sjå på fråfallet.

Ikkje berre vil eg ta med meg erfaringar frå Høgskulen i Volda, men eg vil like mykje ta dette med meg vidare for arbeidet på Høgskulen. Derfor ser eg på det å sitte i læringsmiljøpolitisk komitee som ei lærerik erfaring. Til slutt anser eg meg sjølv som støttespelar i gruppen. Eg trekk denne konklusjonen på bakgrunn av mitt engasjement i Senterungdomen i Møre og Romsdal, der eg har vore med å organisere ungdomspartiet dei siste tre åra. Den rolla har også blitt tatt med inn i Arbeidsutvalet ved HVO.

Kjære veljar, eg ynskjer dokke med dette eit godt val.