Du er her: Student.no > Landsmøtet 2021 > Valg på landsmøtet 2021 > Trym Nikolas Rimmen – LM 2021

Trym Nikolas Rimmen – LM 2021

Sentralstyret – Medlem

Studiested: Høgskulen i Volda

Epost: tnrimmen@hotmail.com
Telefon: 97499578

Motivasjon for å stille til dette vervet

Vyrde Landsmøte.

Mitt namn er Trym Nikolas Rimmen og eg håper på dykkar tillit ved dette valet. NSO sitt landsmøte er og skal vere vårens vakraste eventyr, som gir oss høve til å samen skape spennande og nye idear knytt til utdaning. Dette landsmøte er det fjerde eg deltek på og er blitt noko som eg ser fram til å delta på. Ei av dei største gledene er å få utveksle ord med nye og gamle medstudentar på landsmøte, og ikkje minst ta ein soft is og nokre kanner med kafé medan ein skapar politikk saman. Sjølv om det ikkje vart eit fysisk landsmøte i år, tyder det ikkje at vi skal få lagd god politikk.

Dei siste to åra har eg vert leiar for Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda og håpar no å få ta dette med vidare inn i Sentralstyre. Grunna erfaringa eg har tileigna meg dei siste åra, vil eg kunne gi dykk ein kyndig representant med god rolleforståing og ei genuin interesse for å representere medstudentar. Neste studieår ønskjer eg derfor å ta med dette inn i studentrørsla på eit nasjonalt nivå. Eg er hardtarbeidande og målretta, og vil kunne gi dykk ei balansert stemme i Sentralstyre.

For den komande perioden er det viktig at NSO er ei tydleg stemme for studentane. Vi skal ikkje vere eit glansbilde som er inkludert fordi det skal sjå bra ut, men vi skal vere ei framtidsretta og tydeleg stemme som vert likeverdig verdsett med andre aktørar i sektoren.

Eg vil ønskjer dykk alle eit godt val vidare!