Du er her: Student.no > Nyheter > Budsjettsesongen er endeleg i gong

05.10.2020 (oppdatert 07.10.2020)

Budsjettsesongen er endeleg i gong

«Det går langsomt uten penger, men det går,» skreiv vår alle sin Bjørnstjerne Bjørnson i En glad gutt.

Ynskjer ein større politiske endringar er det ein stor sjanse for at det må gjennom «Prop 1 S», betre kjend som Statsbudsjettet. Ein mengde aktørar i det norske samfunnet kjenner seg nok igjen i skildringa til Bjørnson, og er spent på kva som ventar dei denne haustdagen, onsdag 07.10. kl. 10:00.

Til NSOs Statsbudsjettside

Her er NSO, med meg, ein av desse aktørane, og vil gjennom denne sida oppdatere kva som føregår i budsjettverda. Få med deg det som er verdt å vite om lekkasjar, nyhende, og sjølvsagt kor nøgd me i NSO er. I tillegg vil eg halde liv i kommentatorkarriera mi så lenge det er ting å kommentere på, og vonleg gjere det litt underhaldande. I morgon, dagen før dagen, vil eg kommentere litt på forventingane til årets krav frå NSO.

Eg vil kommentere om kva eg ventar frå årets budsjett, i høve NSO sine ynskjer, sjølve budsjettforslaget og dei ulike partia sine alternative budsjett, samt innstillingar frå mellom anna finans- og utdanningkomitèn. Kjem det opp noko meir, så vil eg kommentere på det fram til me har eit budsjett klart til 15. desember. No går startskotet for eit ti veker langt, men morosamt maraton på Stortinget.

Statsbudsjettet for komande år vert lagt fram på hausten, altså legg ein fram budsjettet for 2021 no. Det bør vera vedteke før jul, slik at ein veit kva ein skal bruke pengar på. Det er Stortinget som skal vedta dette, etter at regjeringa legg fram sitt forslag. Det er rekna som det viktigaste vedtaket til Stortinget, og ein av deira tre hovudoppgåver, sjølvsagt fordi det er her alle pengane til ting som skal bli gjort, ligg. Dersom du lurar meir på korleis prosessen til eit statsbudsjett, så ta det frå proffane, ikkje frå meg

Spanande i år er at me har ei mindretalsregjering med H, V og KrF. Det vil seie at forslaget til regjeringa er akkurat det; eit forslag. Dei må altså hente støtte frå anten FrP eller AP, eller fleire av dei mindre partia, og dimed ein enno større grunn til å halde eit auge med dei alternative budsjetta som kjem. I all hovudsak er det forventa at det skal finnast semje mellom regjeringspartia og FrP, som tyder at dei som kan ha mest å seie til slutt, er FrP og korona.

Sjølv om det blir hestehandling i år, kjem nok diverre ikkje disputtane over utdanningsfeltet, i alle fall ikkje høgare utdanning. Likevel vil statsbudsjettet innehalde mykje som påverkar din kvardag som student. Eg kjem til å kommentere på korleis privatøkonomien og studie- og bustadsituasjonen din kan endre seg i laupet av hausten. No krossar me berre fingrane for at eg kan kome med gode nyhende.

Del dette