Du er her: Student.no > Nyheter > Klampen i bånn for økonomien, men kvar endar pengane?

06.10.2020 (oppdatert 07.10.2020)

Klampen i bånn for økonomien, men kvar endar pengane?

Sist NSO fekk eit stort gjennomslag i prioriteringane var då ein i fjor fekk den siste opptrappinga til elleve månader studiestønad, som ein har venta på i mange år. Ei viktig sak for studentane sin økonomi, og potensielt både bra og dårleg for statsbudsjettet 2021. Det å vera ferdig med opptrappinga gjer at du ikkje lenger har ein post i budsjettet som er oppteken til studentøkonomi, men så har ein igjen fått ei satsing dei siste åra. Om den satsinga er signifikant nok er noko anna.

Til NSOs Statsbudsjettside

No er det jo langt i frå berre dette som spelar inn på budsjetteringa i år. Dei store spaningane, og kanskje noko ein kan kalle motsetnadar, er at det båe er eit valkampbudsjett, og eit koronabudsjett.

Eg kan vagt minnast frå mi tid i førelesingssalane på BI å bli fortald om John Maynard Keynes, og dersom dagens regjering har funne hans idèar gode kan det likevel love godt for satsingar på utdanning. Regjeringa har levert meir kontraktive budsjett dei siste åra grunna ein god økonomi, men sjansen er nok stor for at det i år blir høve til å trå på gassen, slik som Keynes meinar ein skal for å gjere konjungtursvingingane så små som mogleg. Eg tør seie at Keynes var ein studentven og i likskap med meg ville råda Stortinget til å satse på utdanninga, særskild i denne perioden.

Erna Solberg har sjølv sagt at det bør satsast på utdanning. Me ser allereie at regjeringa i ei lekkasje satsar stort på delar av utdanningsfeltet. Likevel vil regjeringa måtte forhandle om budsjettet, som vil seie at sakar som til dømes veg kan ta mykje av fokuset om ein endar opp med å samarbeide med FrP, som har ein sterk forhandlingsposisjon. Her er det berre å vone det auka offentlege forbruk kjem høgare utdanning til gode, slik at me har noko å lene oss på etter pandemien

Det er nok eit vanskeleg budsjett å legge for Sanner og Co. Det vert eit ekspansivt budsjett i krisetid, men det ser framleis litt trangt ut for høgare utdanning. Eg vonar at utdanningsfeltet sit langt framme i hovudet til Sanner, då NSO sine statsbudsjettkrav står ved lag. Om ikkje han leverar på det, så må Stortinget gå føre og syne at dei vil satse på sektoren. Høgare utdanning, kanskje enno meir no i krisetider, er eit viktig satsingsområde, så eg skal lose dykk gjennom korleis eg ventar desse blir lytta til i årets budsjett, men det skal eg vie eit eige innlegg til.

Del dette