Du er her: Student.no > Nyheter > Meir enn berre miljø

10.12.2020

Meir enn berre miljø

Sjølv om det er inngått eit samarbeid, og ein budsjetthaust går mot slutten så vil eg fortsetje å kommentere dei to gjenståande alternative budsjetta. For Miljøpartiet De Grønne (MDG) er det deira moglegheit til å syne oss kva dei vil med sektoren vår, då dei (i likskap med Raudt) ikkje sit i utdanningskomitèen.

MDG siktar seg inn på ein plass på statsbudsjettpallen min. Med 1,3G studiestøtte, 3000 bustadar, og auke i basisbevilging til utdanningsinstitusjonane seglar dei glatt opp til å sikre seg å bli eit av favorittbudsjetta.

Dette er byrja å bli godt utgreia kvifor studentane vil ha og kvifor dette er bra, så eg ynskjer å rette meg til skarve tre millionar frå budsjettet til MDG som synar at dei føl med i tida og verkeleg ser seg om etter kva studentane treng no.

Une er til no den einaste som tek tak i problematikken rundt studentar som arbeidstakarar i sitt budsjett. Dei ynskjer å utgreie ei ordning der studentar får dagpengar eller annan inntektssikring. Her har alle partia hatt snart eit heilt år på å sjå at studentar ikkje vert likestilt med andre arbeidstakarar, utan å ha gjort noko med det!

Studentar som jobbar side om side med andre, der den einaste forskjellen er studiene, opplever å ikkje bli handsama på same måte. Ein betalar same skatten, ein jobbar same jobben, men likt er det likevel ikkje.

MDG leverar eit budsjett for samtida!

Del dette