Du er her: Student.no > Nyheter > Mykje glede på få ord

01.12.2020

Mykje glede på få ord

SV kan gjere mykje på kort tid. På skarve 80 ord og ein tabell så har ein levert mykje studentnoreg kan vera glad for. Som vestlending klarar eg ikkje å uttrykke meg på 80 ord, men eg skal svare med same mynt og forklare kort og konsist kvifor Kaski og gjengen fortjenar skryt.

-SV stakar kurs for opptrapping av studiestøtta, og legg seg på 1,3G. Nesten litt overraskande at SV ikkje køyrer på med 1,5G på eitt budsjett, men det er viktig for studentane at ein byrjar ein stad. Kanskje de kunne lagt inn ein opptrappingsplan for å nå dette på sikt?

-Studentbustadambisjonane er på nivået berre SV klarar å kome seg opp på. Du har det generelle nivået i det politiske Noreg, deretter studentane sitt nivå, før du då kjem til SV. Dei leverar 6000 nye bustader.

-I tillegg går ein laus på ABE-reformen, og går for auka finansiering til institusjonane for å sikre studiekvaliteten. Tre store og viktige sakar der SV får seg ein home run hjå studentane.

Alle har likevel forbetringar, sjølv SV. Noko av finansieringa av dette skal kome frå å kutte i støtte til institusjonar som NLA, MF, og Fjellhaug. Det er eit godt mangfald av utdaningsinstitusjonar knytta til NSO, og alle er viktige for studentane som går der. La ikkje vinninga gå opp i spinninga for desse studentane. Institusjonsmangfald er viktig for ei mangfaldig studentmasse.

Her vankar det skryt til båe Audun Lysbakken, Kari Elisabeth Kaski, og Mona Fagerås, og sjølvsagt resten av gjengen. Dersom det skulle ryke nokre forhandlingar dei neste dagane, så vonar eg at dette er noko av det som hamnar inne i staden.

Del dette