Du er her: Student.no > Nyheter > No er studentpakken her!

03.03.2021

No er studentpakken her!

Studentar har hatt vanskelege tider det siste året. Dersom ein har mista inntekt grunna korona, kan du no få økonomisk støtte! I tillegg vert det oppretta jobbar for studentar på utdanningsinstitusjonane, og ved studentsamskipnadane, i tillegg til økonomiske midlar til tiltak rundt psykisk helse, og sosiale lavterskeltilbod.


Økonomisk støtte 

Ordningen gjelder for studentar som har mista inntekt under korona. Har du mista inntekt som følge av korona tilbake til og med 16. juni 2020 har du rett på økonomisk støtte. Som permittert i perioden 16. juni 2020 til 15. juni 2021 kan du søke på ein støtte på 26.000kr, med ein stipenddel på 40% – altså 10.400kr. Resten kjem som lån.

Dersom du ikkje har vorte permittert, men har andre måtar å syne dokumentasjon for inntektstap, kan du likevel ha rett på støtte. Døme på annan dokumentasjon kan vera:

  • Skriftlig dokumentasjon fra arbeidsgiver på permittering, oppsigelse av deltidsjobb, nedgang i arbeidsinntekt og reduksjon i antall vakter/arbeidstimer. Dokumentasjonen skal også bekrefte at nedgangen i eller bortfallet av arbeidsinntekt skyldes utbruddet av covid-19. Dokumentasjon kun i form av lønnsslipper vil eksempelvis ikke kunne godtas.
  • Skriftlig dokumentasjon på et jobbtilbud eller traineetilbud som falt bort på grunn av utbruddet av covid-19. 
  • For selvstendig næringsdrivende: Skriftlig dokumentasjon fra oppdragsgiver med bekreftelse på færre eller ingen oppdrag på grunn av utbruddet av covid-19.   

Me synar til Lånekassen for reglar rundt dokumentasjon.
Du kan lesa om reglane her:

Studentjobbar
Det vil kome studentrelaterte jobbar på din utdanningsinstitusjon og studentsamskipnad. Desse stillingane vil blir brukt som ei støtte fagleg og sosialt for studentane på din lærestad, og er tiltenkt at studentar sjølv skal tilsetjast i. Føl med på informasjon frå din lærestad eller samskipnaden din om du ynskjer ein slik type jobb, og er nysgjerrig på kva desse blir.

 

Studenttelefon

Skulle du ha behov for å snakke med nokon har òg Mental Helse starta ein studenttelefon som er open alle dagar frå kl 17 til 07.

Du kan nå dei på tlf 116 123 (Tast 3).

Les meir om Mental Helse sitt tilbod

 

Del dette