Du er her: Student.no > Nyheter > No ligg ballen hjå FrP!

12.11.2020

No ligg ballen hjå FrP!

NSO er ikkje frammand for å ta seg ein kakebit ved gjennomslag for politikken sin, og på måndag gav FrP oss grunn til å gjere klar oppskrifta.

Eg skal ikkje leggje skjul på at det var med litt forbausing eg leste gjennom FrP sitt alternative budsjett på måndag og fann meg så einig som eg gjorde, sjølv om ikkje alt som glitrar er gull. FrP synar at dei har potensialet til å kunne markere seg som eit studentparti.

FrP legg fram i eit av sine verbalforslag at dei ber regjeringa knytte studiestøtta til G, og på sikt auke den til 1,5G. NSO var jo sjølvsagt skuffa då dette ikkje vart realisert i budsjettforslaget til regjeringa, der to parti allereie meiner det i partiprogramma sine. Slik eg ser det, skal det dermed vera eit greitt forhandlingskort for FrP, der dei kan stille båe Venstre og KrF til veggs på lovnadane deira. FrP må få forslaget frå papiret og inn i røynda, slik at KrF og Venstre ikkje kan vera noko dårlegare. Dette er ei av dei handlingane som gjer at eg kan snakke om FrP som eit hypotetisk studentparti. Dei ville i så fall vera skuldige i den største studentpolitiske sigeren på mange år, og overgå seg sjølv etter å ha innført elleve månader med studiestøtte.

Medan alle er i semidepresjon etter å ikkje ha eit amerikansk val å følgje med på lenger, så kjenner eg at det er like spanande å vente på kva FrP får til her. Som eit ekstra plaster har òg FrP større boligbyggeambisjonar enn regjeringa. Dei ynskjer å auke tilskotet med 225 boligar, opp til 1875.

Det var som sagt ikkje alt som var fryd og gaman med dette forslaget. Dei skriv nemleg “Fremskrittspartiet mener at Norge og norske utdanningsinstitusjoner skal konkurrere på kvalitet, og vil derfor innføre en studieavgift for utenlandske studenter.”, og undergrev med det gratisprinsippet for høgare utdanning i Noreg. Det er ikkje dette som skal finansiere studiestøtteauka! Våre naboar i aust såg ein kraftig nedgang i innveksling etter innføring av same tiltaket. Dette bør heller ikkje vera ein inngang til at det same skal gjelde for norske studentar på sikt. Me får håpe det er sant som du sa til TV2, Roy Steffensen, at alle, absolutt alle, er ueinig med deg i dette forslaget.

I forkant av forhandlingene sendte NSO eit forhandlingskrav frå studentane til Sylvi og co:

  • Øke studiestøtten. Vi ber om en opptrappingsplan til 1,5 ganger grunnbeløpet i folketrygden (G) i tråd med FrPs alternative budsjett, samt å knytte studiestøtten til G.
  • Bygge minimum 1875 nye studentboliger, dette er en økning på 225 nye studentboliger fra regjeringens forslag og i tråd med FrPs alternative budsjett
  • Ikke innføre skolepenger for internasjonale studenter eller kutte i studiekvalitet

Så hadde eg grunn til å sjå fram til forslaget etter dette politikarsvaret frå FrP sin studenttopp på førre blogginnlegg? No har du moglegheita til å ta rolla til Mourinho og spele mannskapet ditt til siger, Roy! Dersom dine partifeller no gjennomfører på dette kravet kan det hende det vankar ein legendestatus, som Andreas Trohjell lokka Sivert Bjørnstad med tidlegare i veka på Twitter. Er gledar meg til gjennomslag i slutten av november!

 

 

 

Del dette