Du er her: Student.no > Nyheter > NSO viser solidaritet med Afganistan og studentar i Kviterussland

17.09.2021 (oppdatert 23.09.2021)

NSO viser solidaritet med Afganistan og studentar i Kviterussland

NSOs sentralstyremøte har vedtatt to resolusjonar «Solidaritet med Afghanistan» og Solidaritet med studentar i Kviterussland.

Solidaritet med Afghanistan

NSO meiner at:   
  •  Norske myndigheiter må ta ansvar for at utsette studentar frå Afghanistan får fullføre utdanninga si, med særleg tanke på kvinnelege studentar. Det må arbeidast saman med FN for å stoppe negative endringar i retten til utdanning, særleg for kvinner og andre minoritetar.
  • Afghanske studentar som har flykta til Norge må få fullføre utdanninga si ved norske institusjonar.
  • Norske utdanningsinstitusjonar må leggje til rette for at flyktningar skal få fullført utdanninga si i Norge.

Les resten av resolusjonane her

Solidaritet med studentar i Kviterussland

NSO meiner at: 

  • Støttar norske myndigheiter i å forsette å leggje press på myndigheitene i Kviterussland for å stanse brot på menneskerettigheitar og demokratiske rettar.
  • Fordømme brot på studentar sine rettar.
  • Meina at studentar som har blitt fengsla for sin deltaking i protestar må lauslatast med ein gong.
  • Meiner at tryggleiken og velværa til studentar som er fengsla må bli sikra.
  • Forventar at institusjonar i Noreg legg press på partnerar i Kviterussland, og avsluttar samarbeid med institusjonar som tillèt at studentar  blir forfølgde og arrestert.
  • Students at Risk ordninga må gjerast til ein permanent ordning i Noreg no.
  • Students at Risk ordninga må brukast ytterleg i heila Norge for å tryggje utsette studentar i Kviterussland.

 

Del dette