Du er her: Student.no > Nyheter > Ver partiet studentane vil at de skal vera

25.11.2020 (oppdatert 02.12.2020)

Ver partiet studentane vil at de skal vera

Studentane peikar tydeleg på AP som sitt parti frå siste måling, men det var før dei fekk lese budsjettet deira. Arbeiderpartiet, bastionen som har fostra båe landsmødre og landsfedre, har store forventingar til seg. Når dei då skal presentere sitt budsjett vert det stor fallhøgde.

Det som er mest skuffande hjå AP er korleis dei lukkar lommeboka når det kjem til studentøkonomien. Korona har verkeleg syna oss behovet for ei auka studiestøtte, men her kjem ikkje AP til rette. Det er ikkje nemnd noko om studiestøtta i det heile. Det er rett og slett for dårleg for landets største parti.

Arbeiderpartiet vil stoppe kutt i reisestipendet, halvvere ABE-kutta, og å styrke psykisk helsehjelp. Dette er sakar som NSO har flagga tidlegare, og synar igjen at AP kan høyre på kva studentane sine ynskjer er. Sjølv om dette er gode sakar, er det små steg for eit stort parti.

Effektivisering er i seg sjølv ein god ting, men ABE-kutta vert ikkje oppfatta som noko god effektivisering. Det er flate kutt som nå går ut over studiekvaliteten til studentane.. Eit halvvering av ABE-kutt kan sjå bra ut på papiret, det er meir pengar til studentane, men løysinga til AP er òg å ta desse pengane frå direktorata. DIKU vert ein viktigare og viktigare aktør i sektoren, med meir og meir ansvar. Kutt hjå dei, NOKUT, og Unit svekkar sektoren andre stader.

Studentbustadsatsinga held budsjettforsalget flytande. Det er godt å sjå 3000 bustadar kome seglande, som eit av dei viktigaste verkemiddela ein har for å gjere utdanning tilgjengeleg for alle. Det er slike ambisjonar som gjer studentane spente på ein ny stortingsperiode, her er det berre å halde oppe tempoet. Meir her?

AP er klart størst hjå studentane på målingane, men dette er ikkje eit budsjett som held studentane på tå hev.

Del dette