Det må satsast meir på studentbedrifter (vedtatt av SST1-19/20)
Vedteke på sentralstyremøte 1, 14. september 2019
Det er stor diskusjon om arbeidslivsrelevans i studiar, og korleis ein skal gi studentane verktøy og kunnskap som møter framtidas behov. Studentbedrift er eit emne ein kan ta ved enkelte studiar i Noreg. Kort fortalt gjeng det ut på å utvikle ein forretningsidé, starte ei bedrift, drifte denne og så avvikle den i løpet av 12 månader. Emnet gir studiepoeng på bachelor eller masternivå. Det er kåringar av beste studentbedrift både på fylkes-, nasjonalt og internasjonalt nivå. Noreg gjer det ofte godt i internasjonale kåringar og tok i 2018 gull i Europameisterskapet.
Emnet «Studentbedrift» vert tilbudd av institusjonen sjølv, i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Læremateriellet er i stor grad universelt og er utforma av Ungt Entreprenørskap. Det er utforma i samsvar til rammeplanar, studieplanar og kvalifikasjonsrammeverket1. Emnet kan tilpassast til å inngå i alle studiar og kan takast som valfag, eller fungere som avsluttande oppgåve for ein grad. Ein arbeider i grupper på inntil 15 personar, der alle har ei stilling i studentbedrifta. Det er oppfordra til, og tilrettelagt for, tverrfaglege grupper. Ein har undervegs fast rettleiar frå utdanningsinstitusjonen, samt ein mentor frå næringslivet.
I 2018 vart det etablert 293 studentbedrifter, og for fyste gong utgjer dette over 1 000 studentar. Dette er ei auke på 26 % frå 2017. Studentane kjem frå 35 ulike campus og representerer mange ulike fagområde og studiar. Ungt Entreprenørskap Oslo har høgast aktivitet med 87 registrerte studentbedrifter og 257 studentar. Det har også vore høg aktivitet i Østfold, Bergen og Kristiansand. (Lilledrange, 2019) Totalt utgjer dette om lag 0,4 % av alle studentar i Noreg.
Ungt Entreprenørskap arbeider målretta for å styrke rollen til innovasjon og entreprenørskap i høgare utdanning, og som ein viktig del av dette har dei som ambisjon bidra til ei markant auke i talet studentbedrifter dei neste åra. Dette speler Ungt Entreprenørskap inn til arbeidet med stortingsmeldinga for arbeidslivsrelevans. (Lilledrange, 2019)
Studentbedrift er eit program som passar på tvers av ulike fagområde. Uansett kva fagområde eit studieprogram høyrer til, vil det ha ein verdi for studentane at dei gjennom sitt studieprogram får moglegheit til å gjennomføre studentbedrift. Frå fleire sentrale aktørar både innan akademia og næringslivet peikar ein på nokre sentrale eigenskapar og ferdigheiter ein har behov for i framtidas arbeidsmarknad. Det er eksempelvis kommunikasjons- og samarbeidsevner, problemløysing og kreativitet, kritisk og sjølvstendig tenking, evne og vilje til livslang læring og refleksjon, organisasjonsbygging og gjennomføringsevne. Dette er generiske ferdigheiter og eigenskapar som er relevante på tvers av fagområde og yrkesfelt. Desse ferdigheitene er definert i læremåla i emneplanen for studentbedrift.
Både regjeringa, ei rekke utdanningsinstitusjonar og NSO har ein ambisjon om å auke graden av innovasjon og entreprenørskap som kjem ut frå norsk høgare utdanning. Då må ein følgje opp dette med konkrete planar for å gi studentane ballasten og erfaringa ein treng på vegen. Studentbedrifter er eit etablert og gjennomarbeidd verktøy som kan tilpassast eigenarten til ulike fagområde. Dette bør utnyttast i mykje større grad enn det som gjerast i dag.
NSO meiner
- Det i større grad må satsast på studentbedrifter som eit pedagogisk verktøy for implementering av innovasjon og entreprenørskap i høgare utdanning.
- Studentbedrifter må nyttast ved eit større mangfald av studiar og fagområde enn i
Kjelder
Lilledrange, Y., 2019. Koordinator høyere utdanning, Ungt Entreprenørskap. s.l.:s.n.
Meir informasjon finn ein på:
https://www.ue.no/Laerere-og-forelesere/Hoyere-utdanning/Studentbedrift https://www.ue.no/Elever-og-studenter/Studentbedrift
https://www.ue.no/content/download/16734/142050/file/250414_Nasjonalt_kvalifikasjonsrammeverk_for_liv slang_l%C3%A6ring_NKR%20(1).pdf
Download Resolusjon-Det-må-satsast-meir-på-studentbedrifter-L145763.pdf