Skip to main content

Ikkje auk presset på studentane (vedtatt av SST3-18/19)

Vedteke av sentralstyret 09. desember 2018.

Norsk studentorganisasjon ynskjer velkomen tiltak for å auke kvaliteten i høgare utdanning. Likevel er det ikkje alle tiltak som er gode. Eit viktig kriterium for å vurdere om eit tiltak er godt eller ikkje er om det vil føre til kvalitetsheving for mange eller for nokre få.

Fleire høgare utdanningsinstitusjonar har vedteke eller vurderer å innføre særskilte studieprogram der studentane skal få betre rettleiing, oppfølging og tverrfaglegheit. Studentane skal koplast tettare på fagmiljøa og vere meir inkludert i forskingsarbeidet. Dette er tiltak Norsk studentorganisasjon har etterspurt i lang tid, og det er godt å sjå at institusjonane er enige om at dette er det som skal til for å heve kvaliteten. Problemet er at fleire institusjonar no går i retning av å bruke desse ressursane på eit lite mindretal.

Ein del av virkemiddelet slike studieprogram skal vere er å leggje opp til at studentane skal ta 35 studiepoeng per semester. Norsk studentorganisasjon meiner at alle fulltidsstudieprogram skal følgje norma på 30 studiepoeng per semester, vedteke i det europeiske kvalifikasjonsrammeverket. Viss institusjonane legg opp til at studieprogram kan avvike frå dette, blir det også lagt opp til feil forventningar til kva heiltidsstudenten skal vere. NSO fryktar at dette heller fører til auka press på studentane om å prestere, som igjen fører til fleire psykiske plager og redusert studiekvalitet.

Tal frå studentane si helse- og trivselsundersøking for 2018 syner at 1 av 3 studentar alltid eller særs ofte gjer alt dei kan for å ikkje skuffe foreldra, at 3 av 10 tykkjer at berre dei beste resultata er gode nok og at 1 av 4 seier at dei alltid eller særs ofte hatar å ikkje vere best. Dette er tal som tyder på at studentar ønskjer å gjere det bra og at dei strevar etter gode resultat. Rettleiing og oppfølging er ei av dei største utfordringane utdanningsinstitusjonane har ovanfor sine studentar. Alle har rett på eit betra tilbod.

Det er kjent at studentar er avhengige av å jobbe ved sidan av studiet eller å få støtte heimanfrå for å få endene til å møtast. Ved ei auka studiebelastning vil studentane få endå mindre tid til utanomfagleg aktivitet. Eit slikt tidspress gjer at det i praksis berre vil vere særleg ressurssterke studentar som får moglegheita til å studere, ved slike program, som igjen ekskluderer majoriteten av studentane. Ei av styrkene til høgare utdanning er at studentane også brukar tid ved sidan av studia til å engasjere seg.

Engasjement gir ei anna form for danning enn det er mogleg å oppnå på lesesalen. Men dette blir ikkje mogleg dersom studentane må bruke all tid på å studere.

NSO meiner at

  • Alle studieprogram skal vere lagt opp til normert studieprogresjon på 60 studiepoeng per år.
  • Å forbetre kvaliteten i enkelte studieprogram kan ikkje sjåast på som eit heilskapleg løft av kvaliteten i høgare utdanning
  • Innfasing av meir rettleiing, oppfølging og tverrfaglegheit i enkelte studieprogram skal brukast som pilotprosjekt med mål om å innføre dette i alle studieprogram.
  • Auka rettleiing, oppfølging og tverrfaglegheit må skje i studieprogram som eksisterer, det må ikkje opprettast parallelle studieprogram der nokon studentar får eit tilbod andre studentar ikkje får.
Download Resolusjon-Ikkje-auk-presset-på-studentane-09-12-2018.pdf