Me vil ha norsk fagspråk (vedteke av SST1-18/19)
Vedteke av sentralstyret 3. september 2018.
Eit nytt studieår er i gang, og ein ny sjanse for universitet og høgskular i heile Noreg til å møte studentane sine med respekt – på alle måtar. Det inkluderer respekt for språket deira.
I mållova er det slått fast at alle statlege institusjonar skal bruke kvar av dei to norske skriftspråka i ein stor del av kommunikasjonen sin. Realiteten er at ingen høgare utdanningsinstitusjonar oppfyller kravet i lova. I praksis tyder det at dei fleste institusjonane brukar for lite nynorsk, medan nokre svært få brukar for lite bokmål. Utan at det nødvendigvis er meininga fører dette til at det er vanskelegare å vere nynorskbrukar, sidan ein ser lite nynorsk i kvardagen sin.
Norske utdanningsinstitusjonar har, ifølgje universitets- og høgskulelova, ansvar for å vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk på alle område. Språket utviklar seg når det brukast, då er det viktig at også studentane får møte og bruke fagspråk på norsk.
Faggruppene er dei som brukar språket i forskingsfronten må lage gode ord på norsk dersom det ikkje allereie eksisterer. Norske akademikarar har ansvar for å samarbeide om å lage felles terminologi på tvers av faggrupper og institusjonsgrenser.
God terminologi er ein del av formidlingsoppgåva til utdanningsinstitusjonane. Både forskarar, undervisarar og studentar er avhengig av eit godt og presist fagspråk.
Dessutan er gode ord på norsk med på å gjere formidling til befolkninga elles enklare, sidan fagterminologien kjem i ei kjent språkdrakt.
Norsk studentorganisasjon meiner at:
- alle statlege utdanningsinstitusjonar må sende rapport om målbruk til Språkrådet innan fristen, og ha konkrete tiltak for å oppfylle krava i mållova.
- statsråden må sende tydelege signal til institusjonane om at dei må følgje alle lovar og reglar som gjeld for dei.
- det må vere nok søkbare midlar til faggrupper som vil bidra med materiale til Språkrådets termwiki1 - særleg på nye område, både på bokmål og
- leiarar ved institusjonane må oppmode dei vitskapleg tilsette til å vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk.
- det bør opprettast eit nasjonalt senter for norsk som språk og fagspråk.
1 http://www.termwiki.sprakradet.no./wiki/Hovedside
Download Resolusjon-Me-vil-ha-norsk-fagspråk-03-09-2018.pdf