Skip to main content

Norsk høgare utdanning må bidra til å sikre gode økosystem for innovasjon (vedtatt av SST2-19/20)

Vedteke på sentralstyremøte 2, 25. oktober 2019.

 

Vi er meir avhengige enn nokon gong av å auke innovasjonskraft og innovasjonstakt i samfunnet. Etter berekningar gjort av DNB, basert på Perspektivmeldinga 2017, treng vi 77 460 nye bedrifter kvart år fram mot 2040 for å sikre det norske velferdssamfunnet.

Dagens nivå er om lag 60 000, det betyr ei auking på 30 % i talet gründerar som etablerer bedrift, for å halde dagens velferdsnivå. (Holm, 2018) (Finansdepartementet, 2017)

Ein av dei viktigaste faktorane for å få til dette er å ha økosystem som produserer idear, gründerar og bedrifter av god kvalitet. Anerkjend forsking frå MIT (Massachusetts Institute of Technology) viser at slike økosystem må innehalde 5 ulike interessentgrupper for å vere suksessfulle. Dette er gründerar, næringslivet, offentleg forvalting, risikokapital og akademia. Eit økosystem er ikkje komplett før desse har felles geografisk tilhøyring i dagleg aktivitet. (Budden & Murray, 2019)

Dette er aktørar som tradisjonelt sett ikkje er til stades på ein campus for høgare utdanning. Det peikar difor ei ny retning for campusutvikling. Ein må, både i utvikling av eksisterande campus og framtidige etableringar, i mykje større grad samlokalisera akademia med andre aktørar. Både til å ligge i same geografiske område, og i same bygningsmasse. Dette skapar naturlege arenaer for dialog og samspel. Slik kan UH- sektoren stimulere til auke i satsing på innovasjon og entreprenørskap for å møte framtidas utfordringar og løyse sitt samfunnsansvar.

NSO meiner at

  • Norske utdanningsinstitusjonar i større grad må samlokalisera seg med andre aktørar, for å sikre gode økosystem for innovasjon og entreprenørskap.
  • Aktørar utanfor UH-sektoren, i den aktuelle regionen, må inviterast inn til å delta i campusutvikling.

Kjelder

Budden, P. & Murray, F., 2019. innovation.mit.edu. [Internett]

Available at: https://innovation.mit.edu/assets/MIT-Stakeholder-Framework_Innovation-Ecosystems.pdf [Funnet 01 Oktober 2019].

Download Resolusjon-Norsk-høgare-utdanning-må-bidra-til-å-sikre-gode-økosystem-for-innovasjon-25-10-2019.pdf