Resolusjon vedteke på NSOs landsmøte 2016 (21.–24. april 2016).
Gjennom fleire år har det vorte viktigare og viktigare for vitskapleg tilsette å ha god forskingskompetanse. Det kjem til syne ved at det blir stilt høgare krav til å levere forsking av god kvalitet. Samstundes har dette gått på kostnad av undervisning. Forsking blir gjerne sett i fokus, og har gjort at undervisning kjem i andre rekkje for mange tilsette ved utdanningsinstitusjonane. Dette er ikkje spesielt for norske institusjonar, men ei internasjonal utfordring.
Frå Kunnskapsdepartementet si side er det fastslått at forsking og undervisning er sidestilt. Det er derfor paradoksalt at undervisarar ikkje får noko tilbake for å vere dyktige på utdanning, men kan få både stillingsopprykk og høgare status ved å vere dyktige forskarar. I dagens system får forskarar publiseringspoeng, som igjen heng tett saman med finansieringsordninga i sektoren. Derfor bør det vere eit system for å støtte opp under og påskjøna vitskapleg tilsette sin undervisningskompetanse.
Ved tilsetting i undervisningsstillingar skal det gjerast ei særskilt vurdering av om søkaren tilfredsstiller dei pedagogiske kvalifikasjonane som krevst i stillinga. Dette kan bli forstått som den pedagogiske basiskompetansen alle vitskapleg tilsette ved utdanningsinstitusjonane skal ha. Pedagogisk basiskompetanse omfattar evna til å planlegge og variere undervisning, identifisere utfordringar og gjennomføre utviklingsarbeid, dokumentere og vurdere erfaringar og resultat frå eiga undervisning, ha eit reflektert forhold til eiga undervisningsarbeid, og ha utvikla relevant rettleiarkompetanse.
Pedagogisk merittering er ei frivillig ordning for å få vurdert undervisningskompetansen sin til eit høgare nivå enn pedagogisk basiskompetanse. Ved godkjenning av slik kompetanse får den tilsette status som merittert undervisar. Dette systemet skal vere opent for tilsette i stillingskategoriane universitets- og høgskulelektor, førsteamanuensis og professor. Dosentløpet er ikkje inkludert i systemet fordi krava til pedagogisk kompetanse i desse stillingane er på linje med eller over det som blir foreslått som merittert undervisar.
Meritterte undervisarar bør få eit lønnstillegg på minst tre lønnstrinn, samt at undervisaren sitt institutt får ein eingongssum på 30 000 kroner. Slik skal undervisaren få motivasjon til å drive utviklingsarbeid i eiga undervisning, og instituttet til å faktisk ta i bruk kompetansen meritterte undervisarar har. Likevel må det ikkje gå ut over dei ordinære arbeidsoppgåvene til undervisaren.
Alle som søker stilling i norsk høgare utdanning, både i nye stillingar og opprykk, skal ha ei pedagogisk mappe. Denne mappa skal innehalde dokumentasjon på søkaren sin pedagogiske kompetanse. Mappa bør innehalde tre delar:
Både ved søknad om tilsetting, til opprykk og om merittering, skal det vere ein ekstern komité som vurderer den pedagogiske mappa, altså søkaren sin pedagogiske kompetanse. Slike komitear skal alltid ha studentrepresentasjon. Ved tilsetting og opprykk skal eit lokalt tilsettingsutval få vurderinga av den pedagogiske mappa som ein del av sitt arbeidsgrunnlag. Ved søknad om merittering skal ei eigna sentral eining, til dømes eit utdanningsutval, avgjere kven og kor mange som får status som merittert undervisar.
Det må bli utforma nasjonale minstekrav til eit slikt system. Dette skal omfatte både krav til pedagogisk basiskompetanse og for godkjenning av status som merittert undervisar. Det vil gjere det føreseieleg for både institusjonane og søkarane korleis pedagogiske mapper skal utarbeidast og vurderast. Kunnskapsdepartementet må følge arbeidet utdanningsinstitusjonane gjer med slike system nøye.