Skip to main content

Solidaritet med Afganistan (vedtatt av SST1-21/22)

Situasjonen i Afghanistan har utvikla seg til å bli den mest valdelege på tjue år og er kritisk.

Utviklinga i Afghanistan gjennom dei siste åra har ført til styrka rettar for kvinner i landet. Ein av rettane som har blitt styrka er jenter og kvinner sin rett til utdanning. Denne må fortsette i same retning. Ein generasjon har vakse opp med håp om utdanning og jobb, og eit mangfald av menneske har fått deltatt i samfunnet. Kvinner har vært leiarar og fått delta i utdanningssituasjonar saman med menn.

Talspersonar for Taliban har forplikta seg til å respektere kvinners rett til arbeid, og jenters rett til å gå på skule, innanfor tolking av islamsk lov. Dei har også sagt at dei vil respektere rettane til medlemmar av etniske og religiøse minoritetar, og avstå frå represaliar.

Så langt har det vært systematisk utestenging av kvinner frå avgjerdsprosessar og eit gap mellom handlingane og forplikta til Taliban.

Lik rett til utdanning og berekraftsmål er sentrale for politikken til NSO og vi må stå saman med andre for å verne om dette.

Norge må ta eit globalt ansvar i Sikkerhetsrådet med å legge fokus på menneske under utdanning og spesielt kvinnelege studentar i Afghanistan. I tillegg må Noreg forsette sitt klare fokus på berekraftsmål 4 og 5.

Verda må vise at dei står samen med Afghanske studentar, spesielt dei kvinnelege, som står i fare for å mista retten til høgare utdanning. Eit samfunn der menneske er fråtatt moglegheita til utdanning og forsking er eit svekka samfunn.

Difor meiner NSO at:

  • Norske myndigheiter må ta ansvar for at utsette studentar frå Afghanistan får fullføre utdanninga si, med særleg tanke på kvinnelege studentar. Det må arbeidast saman med FN for å stanse negative endringar i retten til utdanning, særleg for kvinner og andre minoritetar.
  • Afghanske studentar som har flykta til Norge må få fullføre utdanninga si ved norske institusjonar.
  • Norske utdanningsinstitusjonar må legge til rette for at flyktningar skal få fullført utdanninga sin i Noreg.
Download Resolusjon-Afganistan.pdf