Skip to main content

Solidaritet med studentar i Kviterussland (vedtatt av SST1-21/22)

Sidan august 2020 har ein aukande mengde studentar blitt arrestert i Kviterussland av styresmaktene etter deltaking i fredelege protestar rundt omkring i landet etter President Alexander Lukashenko var gjenvalt. Styresmaktene har arrestert studentar både under slike protestar, og i husrazzia retta mot studentleiarar, inkludert medlemar av Belarusian Students’ Association (BSA). Mange studentar har blitt utvist frå sine utdanningsinstitusjonar, og fleire studentar er no på flukt og lev i eksil. Ein del av dei arresterte studentane er no rekna som politiske fangar.

Ytringsfridom er ein menneskerett, og akademisk fridom er ein grunnleggande prinsipp i både utdanning og forsking. Denne må vernast og brot på dette må takast på største alvor. Studentar skal aldri bli møtt med undertrykking, truslar eller vald slik som i Kviterussland.

Som medlemmar av den Europeiske høgare utdannings område (EHEA), er Kviterussland forplikta til å introdusere strukturelle utdanningsreformer og verktøy basert på ytringsfridom, institusjonell autonomi, uavhengige studentorganisasjonar, og akademisk fridom. Det som skjer i Kviterussland er eit brot på denne avtalen.

Norsk studentorganisasjon (NSO) står difor saman med studentar i Kviterussland og BSA i deira kamp for ytringsfridomen.

NSO:

  • Students At Risk-ordninga må gjerast til ein permanent ordning i Noreg nå.
  • Students At Risk-ordninga må brukast ytterleg i heile Noreg for å tygge utsett studentar frå Kviterussland.
  • Støttar norske myndigheiter i å forsette å leggje press på myndigheitene i Kviterussland for å stanse brot på menneskerettigheitar og demokratiske rettigheitar.
  • Fordømme brot på studentar sine rettigheiter. 
  • Meiner at studentar som har blitt fengsla for sin deltaking i protestar må lauslatast med ein gong.
  • Meiner at tryggleiken og velværa til studentar som er fengsla må bli sikra.
  • Forventar at institusjonar i Norge legg press på partnerar i Kviterussland, og avsluttar samarbeid med institusjonar som tillatar at studentar blir forfølgt og arrestert.
Download Resolusjon-Kviterussland.pdf