Støtt studentar og akademikarar (vedtatt på SST6-17/18, 03.06.2018)

Flyktningkrisa er eit faktum me må handtere som ei samla verd, ved å sikre lik rett til utdanning og menneskerettane. Me må ta på alvor det faktumet at det er folk som treng hjelp og støtte frå oss etter å ha flytta til eit anna land.

Båtar kryssar Egearhavet dagleg. Kvar båt har utdanna folk, studentar og akademikarar, om bord. Dei har med seg vitnemål, kunnskap og håp. Kunnskap me må implementere i samfunnet vårt slik at kvar flyktning blir gitt makt over sitt liv, og samfunnet styrka som heilskap.

Innan 2030 skal FN sine berekraftsmål vere nådd. For å oppnå det må styresmakter i heile verda anerkjenne kor viktig det er å løyse flyktningkrisa. Med meir enn 65 millionar menneske på flukt er det ikkje lett å nå berekraftsmåla. For å nå berekraftsmål fire, tilgang til høgare utdanning for alle, må Europa og Noreg ta vår del av ansvaret.

Me kjempar for studentar sine rettar, akademisk fridom og berekraftig utvikling. For å sikre at ungdom og studentar på flukt får moglegheita til å ta del i samfunnet vårt, så må me inkludere dei betre.

Norsk studentorganisasjon krev at

  • norske styresmakter skal samarbeide med ulike statar, EU og akademia for å løse flykningkrisa
  • den norske regjeringa tek ei meir sentral rolle for å busetje flyktningar etter
  • kunnskapen og behova deira.
  • den norske regjeringa sikrar at flyktningar frå akademia får fortsetje med studia og forskinga deira, som er nødvendig for å nå berekraftsmåla innan 2030.
  • det opprettast eit prosjekt i den norske UH-sektoren for å integrere flyktningar i norsk akademisk kultur.
  • Universitets- og Høgskulerådet (UHR) må styrke prosjektet Akademisk Dugnad.
Download Resolusjon-Støtt-studentar-og-akademikarar.pdf

Kontakt oss


E-post: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Telefon: 22 04 49 70
hverdager 09.00–16.00

Org.nr. 995 523 868

Adresse


Post- og besøksadresse:
Norsk studentorganisasjon – NSO
Holbergs gate 1
0166 Oslo

Design og utvikling av Bonefish.no