Skip to main content

Støtte til studentar og andre aktivistar i Nicaragua (vedtatt av SST2-18/19)

Vedteke av sentralstyret 26. oktober 2018.

Ytringsfridom, organisasjonsfridom og retten til å demonstrere er grunnleggjande rettar. I Nicaragua har desse rettane blitt innskrenka i etterkant av demonstrasjonar mot myndigheitene. Politiske protestar har blitt møtt med vald frå politiet og andre grupper.

I fleire tilfelle opp gjennom historia har sosiale opprør starta med studentane. Dersom myndigheiter får hindre studentar i å demonstrere utan at me tek til motmæle risikerer me at færre tør å stå opp mot urettferd og politisk maktmisbruk. Staten må ha myndigheit til å oppretthalde sivil ro, men det gir ikkje uavgrensa makt til å slå ned på demonstrasjonar.

I Nicaragua har mange studentar blitt arrestert og dømt til lange fengselsstraffar etter å ha demonstrert. Den praksisen me ser i Nicaragua i dag, der studentar blir stempla som terroristar og straffeforfølgde fordi dei demonstrerer for unge sine rettigheitar, er uakseptabel.

NSO meiner at

  • norske myndigheiter må arbeide for at nicaraguanske myndigheiter stoppar vald og undertrykking retta mot fredelege demonstrantar, og at demokrati og menneskerettane blir respektert.
  • studentar og andre sivile som har blitt fengsla på grunn av fredeleg deltaking i demonstrasjonar må setjast fri umiddelbart.
  • Nicaragua må respektere dei juridiske rettane til alle politiske fangar, uavhengig av kva dei er skulda for.
  • nicaraguanske myndigheiter kan ikkje arrestere, kriminalisere og straffeforfølgje studentar og andre sivile på grunn av at dei nyttar organisasjonsfridommen og ytringsfridommen sin.
Download Resolusjon-Støtte-til-studentar-og-andre-aktivistar-i-Nicaragua-26-10-2018.pdf