Høringssvar - forskrift om opptak 2023-2024 (18.08.2022)

Norsk studentorganisasjon (NSO) vil takke Kunnskapsdepartementet for moglegheita til å komma med innspel til høyring om forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2023-2024.

NSO støtter i overordna form forslaga som blir lagt frem i denne høyringa, men vil nytte anledninga til å komma med nokon betraktningar.

Kapittel 4: Spesielle opptakskrav

Norsk studentorganisasjon er opptatt av at krava for opptak til høgare utdanning ved norske utdanningsinstitusjonar normalt skal være generell studiekompetanse, men at det samtidig kan bli nytta andre krav for opptak der det er hensiktsmessig.

Vi meiner at institusjonane sjølv kan sette spesielle opptakskrav på enkelte studiar, men berre når innhaldet i studiet tilseier det. Krava i slike tilfelle skal reflektere studiets eigenart og behovet for nødvendige forkunnskapar til å kunne gjennomføre utdanninga. I tillegg bør liknande studiar arbeide for liknande opptakskrav, uavhengig av utdanningsinstitusjon.

Vi vurderer endringane i forslag fire som tilstrekkeleg fagleg grunngitt, og ser det som positivt at det blir opna for at lærestadene sjølv kan avgjera om dei ønskjer dette kravet ved bachelor i samfunnsøkonomi i framtida.

Kapittel 7: Rangering av søkjarar ved opptak

Norsk studentorganisasjon har ingen innvendingar å notera på forslaga i kapittel 7. Dette på bakgrunn av at endringane gjer systemet enklare å forstå og meir rettferdig, både for studenten og institusjonen.

Kontakt oss


E-post: nso@student.no

Telefon: 22 04 49 70
hverdager 09.00–16.00

Org.nr. 995 523 868

Adresse


Post- og besøksadresse:
Norsk studentorganisasjon – NSO
Holbergs gate 1
0166 Oslo

Design og utvikling av Bonefish.no