Sidan august 2020 har ein aukande mengde studentar blitt arrestert i Kviterussland av styresmaktene etter deltaking i fredelege protestar rundt omkring i landet etter President Alexander Lukashenko var gjenvalt. Styresmaktene har arrestert studentar både under slike protestar, og i husrazzia retta mot studentleiarar, inkludert medlemar av Belarusian Students’ Association (BSA). Mange studentar har blitt utvist frå sine utdanningsinstitusjonar, og fleire studentar er no på flukt og lev i eksil. Ein del av dei arresterte studentane er no rekna som politiske fangar.
Ytringsfridom er ein menneskerett, og akademisk fridom er ein grunnleggande prinsipp i både utdanning og forsking. Denne må vernast og brot på dette må takast på største alvor. Studentar skal aldri bli møtt med undertrykking, truslar eller vald slik som i Kviterussland.
Som medlemmar av den Europeiske høgare utdannings område (EHEA), er Kviterussland forplikta til å introdusere strukturelle utdanningsreformer og verktøy basert på ytringsfridom, institusjonell autonomi, uavhengige studentorganisasjonar, og akademisk fridom. Det som skjer i Kviterussland er eit brot på denne avtalen.
Norsk studentorganisasjon (NSO) står difor saman med studentar i Kviterussland og BSA i deira kamp for ytringsfridomen.
NSO: