Studentane vil ha CRPD inn i norsk lov! (vedtatt på LM12, 2022)

Vedtatt av Norsk studentorganisasjons landsmøte 2022

FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) vart vedtatt av FNs generalforsamling i 2006 og den vart ratifisert i Noreg i 2013. Noreg er dermed folkerettsleg og politisk forplikta til å følgje konvensjonen.1. Noreg må òg sende inn rapport til FN kvart fjerde år om tilstanden for menneskerettar for menneske med nedsett funksjonsevne. 2.

CRPD er derimot ikkje ein del av norsk lov, i motsetning til Kvinnekonvensjonen, Barnekonvensjonen og Konvensjonen mot rasediskriminering. Dette er den einaste av FN-konvensjonane som ikkje er innlemma i norsk rett. Konsekvensen av dette er at dersom det er motstrid mellom norsk lov og konvensjonen vil norsk lov setjast først.

Innlemminga av CRPD i norsk lov blir støtta av blant anna Likestillings og diskrimineringsombodet (LDO), Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) samt fleire interesseorganisasjonar.3.

Interesseorganisasjonar for menneske med funksjonsnedsetting sendte i 2019 inn ein alternativ rapport til FN. I den alternative rapporten var funna at det er lågare andel menneske med nedsett funksjonsevne som får delta i høgare utdanning enn befolkninga elles. I 2015 rapporterte 21% av menneske med nedsett funksjonsevne mellom 25-44 år at dei hadde fullført minst eit år med høgare utdanning, i resten av befolkning i same aldersgruppe ligg det på 45%.4. Det er òg rapportert at studentar med nedsett funksjonsevne oppleve diskriminering, trakassering, og møte fysiske, pedagogiske og sosiale barrierar i studiekvardagen sin. 5.

Alle rapportane frå Noreg vart vurdert og FN-komiteen leverte sine anbefalingar og konklusjonar. FN var bekymra for mangelen på effektive juridiske mekanisme inkludert anti-diskriminerande bestemmingar som sikre at personar med nedsett funksjonsevne får tilgang til inkluderande utdanning.6. Innlemming av CRPD i Norsk lov har vært oppe til behandling i Stortinget ved fleire anledningar, sist i Mars 2021 da forslaget falt med nokre få røyster 7

Alle studentar må få delta på lik linje i alle delar av studentlivet. Studentar må sikrast kvalitet i utdanninga, tilpassa opplæring, universelt utforma bustad, kunne delta i studentidretten og frivilligheita. Studentar med nedsett funksjonsevne er studentar som alle andre, og må behandlast som det.

Ved å innlemme CRPD inn i norsk lov styrkar vi studentars vern i Universitets- og Høgskulelova, krav om universell utforming i Likestillings- og diskrimineringslova og andre lovar som omfattar studentar.

For å sikre at menneskerettane til menneske med nedsett funksjonsevne, at alle har lik rett til utdanning og moglegheiter for å delta på lik linje i samfunnet må CRPD innlemmast i Norsk lov.

Derfor meiner Norsk studentorganisasjon:

  • at FN konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) må inkorporerast i Norsk lov
Download Resolusjon_-_Studentane_vil_ha_CRPD_inn_i_norsk_lov.pdf

Kontakt oss


E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon: 22 04 49 70
hverdager 09.00–16.00

Org.nr. 995 523 868

Adresse


Post- og besøksadresse:
Norsk studentorganisasjon – NSO
Holbergs gate 1
0166 Oslo

Design og utvikling av Bonefish.no