Du er her: Student.no > Pressemelding > 85% av studentar har ikkje tilgang på studentbolig

24.07.2020 (oppdatert 27.07.2020)

85% av studentar har ikkje tilgang på studentbolig

Bjergsted studentboligar i Stavanger. Foto: Studentsamskipnaden i Stavanger.
Bjergsted studentboligar i Stavanger. Foto: Studentsamskipnaden i Stavanger.

Årets ferske studentboligundersøking frå Norsk Studentorganisasjon (NSO) synar at dekningsgraden for studentboligar nasjonalt aukar marginalt til 14,87% – ei auke på 0,35% frå fjoråret. Likevel vil det vera tusenvis av studentar i boligkø, og  85% manglar studentboligar som tak over hovudet.

Pressemelding fra Norsk studentorganisasjon (NSO) 27/7-20

I år har 108.000 studentar fått tilbod om studieplass, men trass ein stabil høg bygging av studentboligar over tid ser me at det fortsatt er ein lang veg å gå med ein så stor studentmasse. Det manglar enno 13.400 boligar.

 Trass ei historisk satsing på studentboligbygging frå regjeringa har fortsatt 85% av studentar ikkje tilgang til studentbolig, seier Andreas Trohjell, leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO).

Studentboligundersøkinga 2020 tar for seg utfordringane ved at kommunar må stille med gode og rimlege tomter, og samskipnadane som må satse på bygging for at dekningsgraden betre seg. I tillegg må regjering fortsetje å satse på tilskot til bygging og leggje til grunn gunstige tilskotsordningar for realisere ein god studentboligmarknad.

  Studentboligar er eit gode for heile befolkinga. Jo fleire som har tilgang til studentbolig, jo mindre blir presset på den private leigemarknaden, og bidreg til reduksjon i leieprisene, seier Andreas Trohjell, leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO).

Regjeringen løyva i revidert statsbudsjett 2020 ein sum på 250 millionar til rehabilitering av stundentboligar. NSO meinar at det er naudsynt å opne for vidare løyving av rehabilitering av boligar.

 Studentsamskipnadane har dei siste åra hatt fokus på rehabilitering. For at ikkje studentane skal måtte ta rekninga for nødvendig oppgradering, må det vera ei tilskotsordning som opnar for dette i tillegg til bygging. Det er viktig å ha to tankar i hovudet samstundes, seier Andreas Trohjell, leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO).

Del dette