Skip to main content

Andreas Hellesøy – LM 2026

Medlem av fag- og læringsmiljøpolitisk komite
Ase Berg Dybvik

Kandidatskjema

Studiested: NLA

Epost:  This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Telefon: 90478401

 

Hvorfor skal landsmøtet velge deg?

Landsmøtet bør velge meg fordi at eg stiller med god erfaring, og unike perspektiv frå min institusjon som kan vere nyttige i utforminga av utdanningspolitisk plattform.
Eg er også spesielt glad i å jobbe med formuleringar og presieseringar i språket, noko som kan komme godt med i prosessen som sannsynlegvis skal gjennomførast det komande året med utdanningspolitisk plattform.

Nevn 3 mål du vil oppnå i vervet

- Fagmiljøa våre er tufta på sosiale miljø. Difor vil eg kjempe for campusstudenten, og slik bidra til eit godt grunnlag for campusmiljøa.
- Rydde opp i usikkerheten rundt KI i norsk høgare utdanning, og vere med å sette  premissa for debatten.
- På prinsipielt plan bekymrar det meg at mange unge voksne ikkje tør å ytre seg. Eg vil difor fokusere på korleis vi kan sikre at studentar tør å delta i det offentlege ordskiftet.

Hvorfor stiller du til valg?

Eg stiller til valg fordi eg likar å finne gode løysingar på utfordringar. Læringsmiljøet står overfor fleire av desse i dag, og eg er interessert i korleis læringsmiljøpolitikken vi, som studentstemma, frontar kan bidra til eit sterkt læringsmiljø som er klart for kva enn som måtte kome.
Eg  trur også at eg ville vore god på jobben som skal gjerast i denne komiteen i komande periode.
Difor stiller eg til val!