Skip to main content

Odd Arne Fosse – LM 2025

Medlem av fag- og forskningspolitisk komite
Ase Berg Dybvik

Kandidatskjema

Studiested: NTNU

Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Telefon: 47522065

Hvorfor stiller du til valg og hvorfor skal landsmøtet velge deg?

Eg stiller til fag- og forskingspolitisk komité(FFPK) fordi eg brenner for studentane sin utdanningskvalitet. Kva er det? Utdanningskvalitet er studentaktiv læring, forskingsbasert undervising og nye vurderingsmetodar.

For at me studentar skal lære eit utfordrande og pensum er det nødvendig at me ikkje berre møter engasjerte undervisarar, men også eit læringsopplegg som utfordrar oss til å tileigne oss kunnskapen og ta den i bruk sjølv.
For at me skal utfordre samfunnet treng me å lære ikkje berre den 200 år gamle mattematikken, men også den banebrytande forskinga som våre undervisarar driv med.
For at me skal kjenne motivasjonen til å lære pensumlista er det ikkje nok at undervisinga er god, men at vurderingane faktisk testar dei eigenskapane me skal ha lært.

FFPK handlar ikkje berre om undervising, sjølv om kanskje det er mest spennande, men også forsking. Studentar har båe ein kunnskap og ein kreativitet som UH-sektoren bør møte og ta i bruk i større grad. Me treng forskingsintegrerte utdanningar og eit rammeverk for forskingsstøtte til studentar.

Om de ønskjer å velje meg inn i FFPK får de ein kandidat med meir enn berre eit sterkt engasjement. De får også ein kandidat med mykje erfaring. I mitt første studieår stilte eg til val som fakultetstillitsvald og blei ansvarleg for å tale stemmen til 8000 av NTNU sine studentar. I 4 periodar engasjerte eg meg for studiekvardagen og utdanningskvaliteten til studentane mine, og lærte nyansane i sakar og korleis me får gjennomslag for våre meiningar. I år sit eg i NTNU-styret og har ansvar for den strategiske styringa til heile organisasjonen. Eg har fått lære relasjonane mellom den faglege bredda i sektoren vår, mellom institusjonane og regjeringa og mellom studentar og tilsette.

Om de stemmer på meg får de ein kandidat som vil forme prioriteringar frå politikken vår på ein måte som tek omsyn til heilheita og til studentanes beste, og sikrar gjennomslag. Godt valg!