Leder
![Kandidatskjema]()
Studiested: USN
Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Telefon: 91797186
Hvorfor skal landsmøtet velge deg?
Eg er Ada Margrethe Seim!
Eg stiller som leiar av Norsk studentorganisasjon fordi eg vil samle studentrørsla om ei tydeleg retning. Vi skal kunne vere heiltidsstudentar utan at betalt arbeid svekker læringsutbytet. Difor må vi ha ei studiestøtte på minst 1,5 G og fleire trygge, rimelege studentbustadar. Utdanningar skal vere meiningsfylte og engasjerande. Målet mitt er undervisning så relevant at ein får FOMO om ein ikkje møter i undervisningssalen. I ei uroleg verd må vi også stå i solidaritet med internasjonale medstudentar og styrke mobiliteten.
Eg er tydeleg, samlande og klar til å sikre gjennomslag som gagnar flest mogleg studentar.
Nevn 3 mål du vil oppnå i vervet
Som leiar av Norsk studentorganisasjon vil eg oppnå:
- At studentar skal ha ein forsvarleg studentøkonomi som gjer det mogleg å studere på heiltid.
- Eit utdanningstilbod som gjer relevant og brukbar kompetanse til arbeidslivet.
- Ei samla og sterk studentrørsle, med fokus på samarbeid, erfaringsdeling og openheit.
Hvorfor stiller du til valg?
Eg stiller til val som leiar av Norsk studentorganisasjon fordi eg har eit brennande engasjement for å stå opp for studentars rettigheiter. Som politisk nestleiar og studentleiar i Studentdemokratiet i Søraust-Noreg har gjort meg verdifulle erfaringar.
Det siste året som medlemslagsleiar har eg kjent på eit breitt interessefelt, alt frå levande campus og studiekvalitet til studentøkonomi og sjølvsagt; Noregspris for studentbustadar.
Bakgrunnen min gjer meg eit godt grunnlag for å leia Norsk studentorganisasjon det komande året.
Som leiar av NSO skal eg kjempe for å sikre store og små gjennomslag. Eg stiller til val fordi eg vil styrka studentars rettigheiter og kjempa for ein betre studiekvardag, uavhengig av kva og kvar ein studerer.
Med meg som leiar av NSO får dykk ein tydeleg og ikkje minst synleg leiar. Eg håpar dykk vil gje meg tilliten det komande året.
Godt val!