Skip to main content

Inger Christin Hystad Barane – LM 2025

Inger Christin Hystad Barane
Ase Berg Dybvik

Kandidatskjema

Studiested: HVL

Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Telefon: 40744602

Hvorfor stiller du til valg og hvorfor skal landsmøtet velge deg?

Eg heiter Inger Christin Hystad Barane, er 20 år gammal, kjem frå Stord og studerer grunnskulelærar 5.–10. Eg stiller som kandidat til velferds- og likestillingskomiteen. Eg stiller til val fordi eg brenn for ein sterkare og meir inkluderande studiekvardag, og eg trur at mine erfaringar og mitt engasjement kan bidra til å styrke Norsk studentorganisasjon sitt arbeid for velferd og likestilling.

Gjennom meir enn seks år har eg opparbeidd meg brei erfaring innan politikk og organisasjonsarbeid. Eg er fast kommunestyrerepresentant og campusstillitsvald, noko som har gitt meg solid innsikt i kva som trengst for å ivareta interessene til studentane. Eg er inne i min andre periode i Studenttinget, no som vara, og har tidlegare vore leiar for Vestland Ungdomsutval. Vidare har eg erfaring som ungdomstillitsvald i Fagforbundet og som tidlegare medlem av ungdomsråd og partiorganisasjonar.

I studentpolitikken har eg hatt moglegheita til å vere med på å utforme den velferdspolitiske plattforma for Studenttinget, og eg sit fast i Velferdstinget Vest. Dette har og vil gi meg eit godt grunnlag for å forstå studentane sine behov og utfordringar når det gjeld likestilling, helse, bustad og andre velferdspolitiske spørsmål.

Mitt engasjement handlar om å sørgje for at alle studentar har lik tilgang til ressursar og moglegheiter. At ein set i verk tiltak for å sikre at studentar med ulike bakgrunnar får ei reell sjanse til å lukkast i studiane. Eg meiner at velferd og likestilling handlar om å jamne ut skilnader og skape ein trygg og inkluderande kvardag for alle, noko eg ynskjer og meina eg kan bidra med.

Eg trur at mi erfaring med politiske prosessar, forhandlingar og arbeid i ulike demokratisk valde organ gjer meg til ein sterk bidragsytar i komiteen. Eg er van med å samarbeide på tvers av ulike interesser, og eg har alltid med meg eit sterkt engasjement for dei sakene eg arbeider med.

Eg har vist evne til å omsetje ord til handling. Eg håpar på dykkar tillit, og eg lovar å gjere mitt yttarste for å styrkje velferda og likestillinga til studentane dersom eg vert vald.