Skip to main content

Oscar dos Santos Hellberg-Kvalsvik – LM 2025

Internasjonalt ansvarligAse Berg Dybvik

Kandidatskjema

Studiested: UIB

Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Telefon: 90955468

Hvorfor stiller du til valg og hvorfor skal landsmøtet velge deg?

Med audmjuk ærefrykt melder eg mitt kandidatur som internasjonalt ansvarleg i NSO det komande året.

Som internasjonalt ansvarleg vert eg studentane sin “utanriksminister.” Stemma til norske studentar er viktig i solidaritet med studentar i utlandet. Verda er i rask endring, og studentar i utlandet står ofte i viktige kampar for å bevare den akademiske fridomen og den frie forskinga. Eg har vore aktiv i SAIHs landsråd og styre, og ser kor viktig NSO er som samarbeidspartnar i arbeidet for internasjonale studentar.

Eg vil fokusere på studentane som kjem til Norge for å studere, og bidra til at Erasmus Student Network kan betre tilrettelegge for at internasjonale studentar blir introduserte til eit godt samhald og får delta i studentdemokratiet lokalt.

Gjennom det siste året har eg lært mykje om Den europeiske studentunionen (ESU) og korleis norske studentar kan påverke europeisk høgare utdanningspolitikk. Eg har delteke på ESUs Board Meeting i Oslo og hatt verv i ESUs studiekvalitetspool, noko som har gitt meg eit nært forhold til fleire av studentunionane i ESU.

Eg vil beskrive meg sjølv som omgjengeleg og sosial, med eit hjarte for både folk og fag. Ein av mine styrker er å finne samhald i harde debattar og invitere til dialog. Eg er vant med høgt arbeidstrykk med varierande oppgåver, og ser fram til gode samtaler med medlemslag og samarbeidspartnarar.

Eg har vore aktiv som tillitsvalt sidan eg byrja å studere i 2019, og har vore nestleiar og arbeidsutvalsmedlem i Studentparlamentet ved UiB, samt sentralstyremedlem i NSO.

No er eg klar for å bli dykkar nye utanriksminister.

Godt val