Leder
![Kandidatskjema]()
Studiested: UIB
Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Telefon: 90955468
Hvorfor skal landsmøtet velge deg?
Eg har eit hjarte for både folk og fag, og omtalar meg sjølv som omgjengeleg, sosial og raus. Eg står stødig i eit ueinigheitsfellesskap og trivst med å delta i debattar, både i møter og på nach. Eg er opptatt av å byggje eit team som spelar kvarandre gode og løftar organisasjonen og dei tillitsvalte vidare.
I ryggen har eg fleire års politisk arbeid, organisasjonserfaring og eit driv for å formidle våre sakar i media. Eg er uredd og direkte i møte med politikarar og aktørar, og sørgjer for dialog som peikar mot gode løysingar.
Nevn 3 mål du vil oppnå i vervet
Tid til å studere: Jobbe for å auke studiestøtta til minst 1,5 G, så færre studentar er avhengige av å måtte jobbe for ei lommebok dei kan leve av.
Studentfrivilligheita som beredskap: Jobbe for å få fleire studentar inn i frivilligheita og fremje studentorganisasjonane sine roller i både studiekvardagen og totalberedskapen.
Ein sterkare ressurs for medlemslaga: Auke kompetansen og utvikle nye og eksisterande kurstilbod for medlemslaga.
Hvorfor stiller du til valg?
Eg vil bli leiar fordi eg meiner vi må tenke nytt om korleis vi formidlar studentanes kvardag og utfordringar til politikarar og samfunnet elles. Gjennom tradisjonelle og nye medium vil eg fremje meiningane våre tydeleg og jobbe for at vi får tida til både å studere og vere frivillige.
Vi er på veg mot store omveltningar i studiekvardagen, der dimensjonering av både studietilbod og studiestøtta er forventa. Med meg som leiar skal alle framleis ha lik rett, moglegheit og tilgang til høgare utdanning. Samtidig vil eg sørgje for at studentar er med i denne utviklinga.
Etter fleire år som frivillig meiner eg at vi må løfte studentfrivilligheita som ein samfunnsressurs på nasjonalt nivå. Ein vil førebygge einsemd og psykisk uhelse ved å få fleire studentar til å høyre til eit miljø gjennom studentfrivilligheita. Eg vil få fram viktigheita av studentar i frivilligheita som ein del av samfunnsberedskapen.