Grunnlovfesting av Gratisprinsippet (vedtatt av SST6-20/21)
Vedtatt av Sentralstyret 6. juni 2021.
Gratisprinsippet bør grunnlovsfestes
Gratisprinsippet er det viktigaste prinsippet i høgare utdanning, og er prinsippet om at høgare utdanning i Noreg skal vera gratis. Dette er ufravikeleg.
Det er ikkje eit mål i seg sjølv at alle skal ta høgare utdanning, men alle skal ha tilgangen til å gjera det. Høgare utdanning er essensielt for utviklinga av samfunnet, og det gagnar staten og samfunnet vel så mykje som individet at me har ein høgt utdanna befolkning.
NSO ynskjar å endre §109 i grunnlova for å grunnlovsfeste dette prinsippet. Ved å få det inn i Noregs øvste juridiske dokument forankrar me denne tanken i Noreg. Me har nytt godt av det, og bør fortsetje med å vera heilt tydlege på at gratisprinsippet aldri skal svekkast.
- 109.
Alle har rett til utdanning. Born har rett til å ta imot grunnleggjande opplæring. Opplæringa skal utvikle evnene til kvart barn og ta omsyn til dei behova det har, og fremje respekt for demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.
Dei statlege styresmaktene skal sikre tilgjenge til vidaregåande opplæring og likt høve til høgare utdanning på grunnlag av kvalifikasjonar.
NSO meinar at
- Gratisprinsippet i høgare utdanning skal grunnlovsfestes.