Femti år er nok - stopp okkupasjonen av Vest-Sahara (LS2 25-26)
Den norske studentrørsla står samla i solidaritet med saharawiske studentar, både i eksil og under okkupasjon, i kampen deira for akademisk fridom og grunnleggjande rettar. Studentar frå Vest-Sahara har rett til ein studiekvardag og eit liv utan overvaking og kontroll, frie frå undertrykking og diskriminering.
I snart 50 år har Vest-Sahara vore under okkupasjon av Marokko. FNs generalforsamling og tryggleiksråd har begge fordømt okkupasjonen. Den internasjonale domstolen i Haag har avvist Marokkos landkrav, og over 100 FN-resolusjonar krev at det saharawiske folket skal sjølve få røyste over si eigne framtid.
I dag lever om lag halvparten av det saharawiske folket som flyktningar, hovudsakleg i leirar i Algeria. For dei som er igjen i Vest-Sahara, opplever dei dagleg at deira grunnleggjande rettar er brotne, og ei uuthaldeleg undertrykking av marokkanske styresmakter. Studentaktivisme vert møtt med store konsekvensar, og studentar møter systematisk diskriminering og undertrykking. I Marokko er dei få saharawiske studentane ofte nekta tilgong til fleire studium og fag på universiteta. Denne undertrykkinga blir ytterlegare normalisert av det internasjonale samfunnet.
Samstundes har den norske regjeringa signalisert at Noreg vil vurdere fleire klimakvoter for å nå måla i Parisavtalen, mellom anna frå Marokko. Det inneber ein risiko for kjøp av klimakvoter produserte på det okkuperte Vest-Sahara, noko som kan føre til at norske høgare utdanningsinstitusjonar bidreg økonomisk til folkerettsbrot når dei balanserer eigne klimautslepp med klimakvoter. Handel med ressursar frå okkuperte områder bryt med folkeretten, og Noreg må gå føre som eit land som kjempar for menneskerettar og sørgje at klimasatsingar ikkje svekkar den akademiske fridomen til saharawiske studentar.
På 50-årsdagen til invasjonen av Vest-Sahara i år, den 31. oktober, vedtok tryggleiksrådet i FN ein resolusjon som i praksis gir Marokko lov til å annektere Vest-Sahara. Dette bryt med tidlegare stadfestingar av både FN og Den internasjonale domstolen. Med dette vert rettstryggleiken til saharawiske studentar ytterlegare forverra, og draumen om frie campus og akademisk fridom i Vest-Sahara vert knust. Vi forventar at norske myndigheiter talar imot ei normalisering av okkupasjonen og jobbar framover for eit fritt Vest-Sahara.
NSO meiner at:
- Norske myndigheiter skal protestere overfor marokkanske styringsmakter om den systematiske undertrykkinga av saharawiske studentar.
- Norske myndigheiter og høgare utdanningsinstitusjonar skal ikkje skaffe klimakvoter frå det okkuperte Vest-Sahara.
NSO skal
- Jobbe aktivt med å synliggjøre situasjonen
- Vise solidaritet til saharawiske studenter i NSOs internasjonale arenaer