Reverser kuttet i stipend for internasjonale studentar (LS2 25-26)
I statsbudsjettet for 2026 føreslår regjeringa å avvikle NORSTIP-ordninga (Norsk stipendordning for studentar frå utvalde partnarland) for internasjonale studentar frå studieåret 2026/2027.
NSO er prinsipielt imot innføringa av studieavgift for internasjonale studentar. Etter at studieavgiftene for internasjonale studentar frå land utanfor EU/EØS vart innført hausten 2023, gjekk talet på studentar som kom til Noreg kraftig ned. Då NORSTIP-ordninga vart innført for å rekruttere tilbake internasjonale studentar frå det globale sør, uttrykte NSO støtte til NORSTIP som ei solidarisk stipendordning, men meinte at rammene burde endrast for å ta omsyn til konsekvensane av innføringa av studieavgifter for studentar utanfor EU/EØS.
Regjeringa skreiv i sitt statsbudsjettforslag for 2024 at: "Kompetansebygging er avgjerande for økonomisk og sosial utvikling. Stipendprogrammet vil bidra positivt til fleire av dei globale utviklingsmåla, inkludert utviklingsmål nr. 4 om utdanning." NSO er samde med regjeringa si vurdering av stipendordninga. Vi stiller oss derimot undrande til kvifor regjeringa no går inn for å skrote den einaste stipendordninga for internasjonale studentar utanfor EU/EØS berre to år etter at ho vart oppretta.
NSO meiner at forslaget om å fjerne den einaste stipendordninga for internasjonale studentar er korttenkt, samstundes som regjeringa ynskjer å rekruttere fleire internasjonale studentar til Noreg. I ei tid der fleire land lukkar dørene sine for omverda, er det nettopp tid for å behalde det mangfaldet av internasjonale studentar som berikar norsk akademia og sivilsamfunn elles.
NSO meiner at:
- Stortinget må reversere kuttet i Norsk stipendordning for studentar frå utvalde partnarland (NORSTIP) i statsbudsjettet for 2026.