Skip to main content

Grunnlovsfesting av gratisprinsippet (LS2 25-26)

Retten til gratis utdanning er eit grunnprinsipp i Noreg, og bidreg til å sikre lik rett, moglegheit og tilgang til utdanning for alle. Gratisprinsippet skal sørgje for at alle obligatoriske delar av det offentlege utdanningsløpet er gratis. Med dette siktar ein til at undervisning, vurdering og det læringsmateriell som er nødvendig for å gjennomføre undervisning og vurdering, må vere kostnadsfritt. Høgare utdanning frigjer potensialet i kvar og ein, styrkjer demokratiet og bidreg til ein rettferdig og berekraftig samfunnsutvikling.

Folkets rett til gratis høgare utdanning i Noreg er ufråvikeleg, og må difor grunnlovfestast. Å grunnlovsfeste gratisprinsippet vil bidra til å sikre alle studentar lik rett, moglegheit og tilgang til høgare utdanning, også for komande generasjonar.

Innføringa av stadig fleire studieavgifter trugar gratisprinsippet. Då Regjeringa i 2023 innførte skulepengar for internasjonale studentar braut dei med det prinsippet. Sjølv om gratisprinsippet i dag er lovfesta i Universitets- og høgskulelova, er det viktig at vi sikrar oss mot framtidige lovendringar som kan setje gratisprinsippet i spel.

NSO meiner at retten til gratis utdanning må gå tydeleg fram av sjølve grunnlovsteksten.

 
NSO meiner at:

  • Gratisprinsippet i høgare utdanning skal grunnlovsfestast.
Download Grunnlovsfesting_av_gratisprinsippet.pdf